Re: KK: "De jages av NATO-bombene"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 14 Apr 1999 23:15:52 GMT

Karsten Johansen:

>Hva "alle som bare følger litt med" "vet" _under en krig_ bør man være litt
>forsiktig med. Det finnes også en propagandamaskin på vår side, den er langt
>mer utspekulert en noen annen historien har kjent.

Dette har eg visst i mange år. Men kva så? Det finst inga eintydig
presse i Vesten. Det finst ikkje ein institusjonalisert konspirasjon, ei
utspekulert propagandamaskin som er i stand til å styre folk. Ein kan ikkje
samanlikne propagandaen i Vesten med propagandaen i ein totalitær stat.
Kvifor skal du på død og liv fram med vektskåla? Kvifor er det så viktig å
opprette "balansen"?

Kven har sagt at "folk fra UCK også har bedrevet etnisk rensing"? Kva vil
det seia forresten? At dei har drepe serbarar for å forsvare seg?

Det er rett at ein NATO-rakett traff ei bru i Kosovo og at det var nokre
flyktningar på brua. Kosovoalbanske augnevitne seier at om lag 20 menneske
blei drepne. Den serbiske propagandaen snakkar om 75. Brua blei øydelagt for
å hindre den serbiske frammarsjen. Flyktningane har truleg vore nytta som
skjold av serbarane. Det er synd at uskuldige sivile blei drepne. Det var
sjølvsagt inga meditert handling frå NATO si side, og skulle det vera eit
"operasjonelt uhell", veg det ikkje eit gram i vektskåla. I morgon kjem det
truleg eit kommuniké frå NATO-hovudkvarteret der dei seier seg leie for
hendinga. Det vekkjer ikkje opp dei døde, men det viser at dei i det minste
ikkje tek oss for naive idiotar. Kven her på forumet har nokon gong trudd på
"kirurgisk" krigføring?

>Tyske etterretningsoffiserer (BND, som bestemt ikke er noen anti-vestlig
>organisasjon) klager nå høylytt i Washington over, at de nektes enhver
>adgang til det omfattende USA-etteretningsmateriale om situasjonen i
>Kosovo. Hvorfor tror du de nektes det?

Sjølvsagt finst det motsetningar innanfor NATO. Du nemner eit tysk døme. For
ei veke sidan blei franskmennene skulda for å gitt "operasjonshemmeligheter"
til serbarane. Det blei sagt at Frankrike ikkje kom til å få tilgang til
alle nivå av militær gradering. Dette var kanskje desinformasjon, men
seinare kom det dementi på dementi på dementi. Frankrike er ikkje medlem av
det felles kommandosystemet i NATO, dei har sitt eige opplegg. Dei har
alltid vore uglesett i NATO-leiren, "ikkje til å stole på". Det sit til og
med tre "kommunistiske" ministrar i regjeringa som ope protesterer mot
krigen og går i demonstrasjonstog. Kva så?

Kva fortel det oss at ein UCK-soldat har "både det amerikanske _og_ det
albanske flagg påsydd uniformen"? Skal me setje ein strek over UCK av den
grunn? Kosovoalbanarar dominirer mafiamiljøet i Milano. Kanskje det finst
UCK-soldatar som har band til dette miljøet. Kva så?

UCK er den einaste frigjeringsrørsla i landet, dei einaste som slost mot dei
serbiske falangistane på bakken. Dei har dårleg med utstyr, slost i retrett,
og flyktar saman med dei sivile. Etter samanstøytar med serbiske styrkar
blir landsbyane i nærleiken sett på "UCK-reir" og raserte. Skulle ein nytte
same logikken som fleire på forumet nyttar om NATO-bombinga, skulle
sjølvsagt UCK ha levert inn dei få våpna dei har og lagt ned kampen..., for å
hindre at serbarane blei desperate og gjekk til åtak på sivile. Ein skulle
nok ein gong vende seg til Ibrahim Rugova, som sit i serbisk husarrest
i Pristina, osb.

Det er klart det forgår mykje me ikkje veit, men det me veit er nok til
ikkje å tvile på kven som er den agressive parten. Ingen her på forumet har
snakka om rapporten som Generalinspektøren for Bundeswehr, Hans-Peter von
Kierchbach, presenterte for ei veke sidan. Tyskarane hadde fått kjennskap
til operasjonen "Potkova" ("hestesko" på serbisk), og sende eit samandrag til
pressa som m.a. blei trykt av Le Monde. Det er eit resymé av operasjonane
som er sette ut i livet av dei serbiske styrkane sidan avtalen mellom
Milosevic og Holbrooke i oktober 1998. Den aktuelle situasjonen i Kosovo er
i stor grad resultatet av ein strategisk plan som krinsen omkring Milosevic
i følgje fleire indisium alt hadde førebudd ifjor.

>USA etablerte under den allierte invasjonen i Italia sterke italienske
>"forbindelser" (deler av fagbevegelsen og partiene finansiert av CIA,
>husk også P2-losjen), og Albania var etablert som Stor-Albania for
>første og foreløpig eneste gang etter Mussolinis erobring. Derfor
>er PMJs melding om at klaner med forbindelse til denne perioden
>nå dominerer UCK interessant.

Om det hadde vore slik at CIA (eller mafiaen) stod bak UCK, hadde vel krigen
teke ei anna vending. UCK hadde hatt anna å slost mot serbarane med enn
gamle, slitne Kalachnikov, og ei og anna mitraljøse. Ein kan spekulere så
mykje ein vil. Men kva tener det til?

I den førre meldinga di sa du at du fekk "kvalme av heltebeskrivelser av
kosovo-albanske krigere: det er ikke noe heltemodig ved krig. Moderne krig er
fornedrende, umenneskeligt, forakteligt, bedritent snikmyrderi." Krig har
alltid vore slik. Men krigen er ein del av menneskesamfunnet ein må forhalde
seg til. Det held ikkje mål å samanlikne den serbiske agresjonen i Kosovo
med den kosovoalbanske frigjeringskampen. Den eine vektskåla går i golvet,
den andre smell i taket. Og så står ein der og snakkar som om alt var
normalt. Eg forstår ikkje dette.

Oddmund Garvik