Re: KK: "De jages av NATO-bombene"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 14 Apr 1999 23:12:45 GMT

På direkten i radioen i kveld:

"I skodda på toppen av eit fjell over Pec høyrer ein det først som eit brus
som sig langsomt framover. Så får ein auge på dei første mennene,
UCK-soldatar i ustelte uniformar eller i sivil. Dei er utmatta, nokre av dei
seier at dei har gått i ti dagar. Deretter kjem det fleire såra, nokre med
bandasjar på andletet, andre som blir støtta av ein kamerat, og atter andre
som freistar å stoltre seg fram i snøen på krykker. Så kjem det bårer. Eit
titals bårer laga av greiner og teppe som fraktar dei som har skotsår -
eit knust lårbein, eller ei kule i magen.

På toppen av fjellet har dei første som er komnne fram tent opp eit bål for
å verme seg. Alle kjem saman. Dei var om lag 200. Det var kolonna til såra
UCK-folk, retretten av skadde og medtekne soldatar.

Frå toppen av dette fjellet er det enda to dagsmarsjar til næraste sjukehus
kontrollert av den kosovoalbanske frigjeringshæren, og kolonna dreg vidare
ganske snart. På smale stigar, av og til rett oppoverbakke, må dei gå vidare
time etter time. Vasse over elver med vatn til knes. Iskaldt vatn. Dei hadde
passert fjell og lier med bårer i hendene. Ingen klaga. Ein sjukepleiar som
sjølv var truffen i nasen av ein granatsplint, passerte frå gruppe til
gruppe. Ho delte ut smertestillande medisinar med sparsam hand for å
økonomisere.

Ein kveld hadde kolonna kome til ein landsby og dei såra blei fordelte i
forskjellige hus. Dei blei ynskte velkommen, fekk behandling og mat av
bøndene der. Dei andre soldatane sov i etasjen over sauefjosa.

Neste dag tok dei fatt på den marerittaktige marsjen att. Enda ein
fjellovergang i snøen, enda fleire elver, enda fleire som sklei og datt over
ende. Ein marsj som gjekk tregare og tregare med fleire og fleire pausar.

Kolonna til dei såra UCK-soldatane kom fram til slutt, måndag kveld, til eit
sjukehus i Rugovo-dalen. Det var slutten på ti dagars liding, for denne
dalen er roleg for tida. Men alle veit at dei kanskje må flykte att når som
helst. Rogovo i Kosovo, Nicolas Poincaré, France Info."

UCK har problem med å halda stand mot den serbiske offensiven. 700.000
menneske er på flukt. Det siste talet eg høyrde i kveld var ein million. I
fjella mellom Vest-Kosovo og Montenegro finst det om lag 18 000 flyktningar
som i natt søv i snøen, under open himmel. Dette er ein tredjedel av folket
som tidlegare budde i Vest-Kosovo.

Det er sjølvsagt ikkje bombene som jagar dei. Alle veit at det er serbarane
som raserer og brenn. Eg har rota fram ein gamal TV for høvet, og såg
nettopp sletta ved foten av dette fjellet Nicolas Poincaré snakka om. Det er
ein stor, vid, flat dal langt nede. Ein ser røykskyer frå landsbyane etter
som serbarane rykkjer fram. Folk raskar med seg nokre småsaker og rømer. Ei
gamal kvinne slår berre ut med hendene. Ho ville ikkje reise nokon stad. Ho
vil vente, for å døy.

Korleis kan ein i ei verd der informasjonen nesten flyr like fort som
tanken, framleis klamre seg til noko som berre er vrøvl? Propagandavrøvl
frå leiren til dei som i denne augneblinken myrdar, valdtek og brenn!
Korleis kan ein seia at dei er "stadig mer desperate" for liksom å gi dei
ein menneskeleg skir? Skulle ein ha sagt at tyskarane også var desperate då
dei brann og herja i Finnmark på slutten av felttoget i Noreg? "Dei var
berre desperate, (stakkar)..."!

Oddmund Garvik