Re:_Høgt_volum_-_men_kva_med_NATO=3F

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 8 Apr 1999 17:52:00 GMT

Gudmund Valderhaug:

>Eg vil slutte meg til Trond Andresens og Knut Johansens kritiske merknader
>til KK si dekning av krigen på Balkan. Det er lett å skru opp volumet i ei
>slik sak, men det som trengst meir enn nokon gong er den kjølige analysen
>av det som skjer. Bondevik har blod på hendene, det ser mange, men KK må...

Eg er sjølvsagt også samd i denne kritikken, men er skjønar ikkje korleis du
kan snakke om kjøleg analyse for så å gi deg til å nytte same type metafor
som ein finn i Klassekampen for tida. Bondevik har sjølvsagt ikkje blod på
hendene. Han er like lite general som redaktøren i Klassekampen er admiral.
Er det så vanskeleg å halda hovudet, ikkje nødvendigvis kaldt, men i det
minste klårt? Er det så vanskeleg å handtere språket?

Det som undrar meg med Klassekampen, er den manglande kritiske tenkjinga,
fornuften, i mykje av det som blir skrive - det overspente som fleire har
peika på. Trur nokon at problema for avisa kan løysast ved å gjera ho til ei
prangande, "revolusjonær" boulevardavis? Eg er ikkje sikker på om det er så
lurt, men det kan hende at eg tek feil. Det er kanskje det folket vil ha.

Oddmund Garvik