Om_det_Høgnorske

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 8 Apr 1999 14:08:42 GMT

Olav T(orheim) skreiv:

>Sjølve meiner me at høgnorsken som er naert knytt til 1917-normalen er det
>rette grunnlaget for rettskrivingssynet vårt.
osb.

Eg har skrive nynorsk heile livet, heilt sidan eg lærte å skrive. Eg var den
einaste som hadde nynorsk på gymnaset. Det hende kameratane fleipa med
dette, slik det var vanleg før i tida. Det er kanskje vanleg den dag i dag?
Eg har alltid vore i mindretal, språkmessig, politisk, kanskje også sosialt.
Kva så? Skulle eg ha oppkasta meg? Skulle eg bli høgnorsk, høgpolitisk,
høgsosial? Me var var berre to til å starte opp ei solidaritetsgruppe for
Vietnam på den erverdige katedralskulen i ein Vestlandsby. Det kan hende me
som unge revolusjonære gymnasiastar på slutten av sekstitalet meinte me var
høgverdige, ein skinande fortropp med reine tankar. Eg vonar ideen om
"høgnorsken" er noko tilsvarande.

Eit par timar med fly frå der eg bur, går det nett no føre seg ein krig som
også handlar om "det Høge". Same korleis ein snur og vender på det: Den
serbiske offensiven i Kosovo (som starta før Nato greip inn) har liknande
idear som leidetråd. Forskjellen er at ein grip til vald for å setje dei ut
i livet. Kosovo er Høg-Serbia - det gamle Kosovo - og nok ein gong kastar
Høgserbarane seg heltemodig ut i forsvaret av den nasjonale vogga, liksom
dei gjorde det i det store slaget mot tyrkarane i 1389.

Kvifor skal ein på død og liv finne opp "det Høge", presse fram "det rette",
"det reine", gjera styr og leven av lite og ingenting? Kvifor lanserer ein
"høgnorsken" grunna på den avlegse 1917-normalen, som framtida for det
nynorske språket?

Til dagleg har eg dei siste femten åra skrive og snakka fransk, heime og ute.
Eg drøymer på fransk. Norsk er framleis morsmålet mitt, ein variant av
nynorsk tilpassa talespråket. Eg skriv nynorsk og bokmål om einannan.
Språket er i utvikling. Eg oppdagar ord og uttrykk eg ikkje kjende frå før,
eller berre kjende på fransk, engelsk, tysk, italiensk, spansk, hebraisk,
arabisk, serbo-kroatisk. Kva er problemet? Språket er til for å kommunisere,
ikkje ei glasklokke til å stenge seg inne i. Ikkje eit middel til politisk
intrige. For det er intrige ein er ute etter når ein blar seg attende til
1917 for å finne "det rette".

Eg har aldri trudd på den moderne, norske språkstriden. I eit land som Noreg
er språket eit personleg val, liksom religionen. Om bokmålet tek over, er det
fordi nynorsken ikkje er levedyktig, fordi dei som nyttar han er for få,
eller ikkje flinke nok til å få andre til å tru på han som eit levande
språk. Høgnorskdagane i Ørsta er nok ein spiker i kista til det nynorske. Ei
krampaktig avsporing for å sleppe å stille spørsmålet om framtida til det
norske språket i det heile teke. Om den norske kulturen kjem til å
overleve den anglosaksiske mediarevolusjonen. Det er sjølvsagt dette som er
det aktuelle spørsmålet. Men det er det nok vanskeleg å få den Høgnorske
Sekta til å tru på. Den nasjonale fundamentalismen er diverre svært så
seigliva.

Oddmund Garvik