Re:_Garvik_sitat_og_to_spørsmål

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 7 Apr 1999 23:05:59 GMT

Knut Rognes stiller to spørsmål:
>
>1. Hva betyr 'høyrer truleg til eit folk som også var utsett for
>"atrocities" '?

Det er underordna, men Zinn har truleg slektningar som blei gassa i hjel i
Tyskland for litt over femti år sidan.
>
>2. Kan du forklare nærmere hvorfor det at 'Howard Zinn høyrer truleg til
>eit folk som også var utsett for "atrocities" ' skulle diskvalifisere hans
>meninger?

Eg har aldri sagt det! Eg sa berre at han hadde ei linje - åtte ord - om den
serbiske terroren i Kosovo. Det forbausa meg, og det forbausar meg stendig. Eg
reagerer på den litt lettvinte måten å hoppe bukk over dette, og eg trur
Zinn tar feil når han i neste setning seier at "Bombing won't help, but will
only make things worse -- and that is already evident." Redaktøren av den
største albanske avisa i Kosovo sa i dag at opptrappinga av den serbiske
terroren byrja fire dagar før det første bombeåttaket. Det er mange uklåre
punkt i denne krigen, og få ting er "evident".

Ein av dei openbare tinga er at serbisk undertrykkjing og terror i Kosovo
ikkje er av ny dato, og at det serbiske regimet lenge har førebudd seg på
det som skjer nett no. Du tykkjer, Knut Rognes, at "denne type argumentasjon
er svak, for den kan aldri etterprøves." Eg tykkjer din argumentasjon er
både svak og feig. Korleis kan du med handa på hjartet seia: "Tross det kan
jeg faktisk vanskelig se at noe kan være verre enn det som NATO-bombingen
har ført til hittil." Trur du verkeleg på dette dogmet om at Natobombinga
er opphavet til situasjonen i Kosovo? Er det Natobombinga som er ansvarleg
for at fleire hundre tusen kosovoalbanarar er på flukt og eit ukjend
tusental døde sivile alt ligg i massegraver i Kosovodalane? Natobombinga har
ført til ørsmå sivile tap, relativt store materielle skader og nokre
strategiske resultat. Eg tykkjer du snur opp ned på verda, Knut Rognes.

Eg er kanskje ikkje fullt så redd som deg for å "havne i et ytterst
mistenkelig selskap", fordi eg veit det ville vera mykje meir suspekt å
havne i det andre selskapet, og ikkje ta kraftig avstand frå den serbiske
terroren. Eg har ikkje problem med meg sjølv i høve til imperialismen, eg
har slost mot han i over tredve år. Eg har heller ikkje eit stort problem i
høve til alliansen med land som eg elles tek avstand frå. Denne alliansen er
saks- og tidsbestemt. Eg vil for all del sleppe å høyre seinare at eg nølte,
tok feil og eigentleg var på feil side. Historia har alt dømd mange...

Nokre kallar det som skjer "folkemord". Det er kanskje eit sterkt ord. Men
held det fram som no, kan dette ordet bli ein aktualitet. Den systematiske
karakteren til den serbiske terroren, (brenning av arkiv, folkeregister,
identitetspapir) tyder på at målet er ei eksterminering av det albanske
folket i Kosovo. Regimet i Beograd har på eit snedig vis klart å overføre
problemet til andre. Det er no opp til det internasjonale samfunnet å ta seg
av eit tvangsforvist folk. I Makedonia blir tvangsfordrivne flyktningar no
tvangsdeportert ut av området, til Tyrkia, Tyskland, også til Noreg, høyrer
eg. Slik kan Milosevic flire i kulissane, og vera svært nøgd med verket sitt.
Han gløymer kanskje, eller unngår å tenkje på at han ein dag kanskje må stå
til rette for dette. Han og mange andre.

Oddmund Garvik