Skal ein forhandle med fascistar?

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 31 Mar 1999 12:55:19 GMT

I Russland blei det i desember i fjor gjort ei meiningsmåling der spørsmålet
var: "Russland for russarar", kva tykkjer du om denne ideen? Meningsmålinga
var basert på eit representativt utval av 1600 russarar.

Resultatet gjer ein mållaus: 43% av dei aksepterer ideen om eit "Russland
for russarar", dvs. at dei godtar, på visse vilkår, eller fullt og heilt,
det fascistiske slagordet. Dette representerer over 50 millionar vaksne med
stemmerett, med barn og foreldreansvar. Fleire ting forklarer denne
haldninga: misnøye med den aktuelle situasjonen, vanleg antisemittisme, hat
i høve til dei rike og kaukasarane på marknaden, i tillegg til at mange er
leie både "kommunistar" og "demokratar".

Den 31. januar i år marsjerte nokre ungdommar på snorbeine rekker og med
plettfrie klede, og stod fram med dei mørkaste instinkt: forsvaret av det
reine blod med aggresjon og terror. I tre kolonner av 200 "stridsmenn"
demonstrerte den nasjonale russiske eininga (leia av Alexander Barkachov)
openlyst og med hakekrossar på armbinda denne siste dagen i januar.

Eg trur fascistfaren i Russland er grundig undervurdert. Justisdepartementet
registrerer nye nasjonalistparti utan å blunke, og lokale styresmakter legg
aldri ned forbod mot demonstrasjonane deira. Det finst ingen kontroll av
regnskapet til desse rørslene, enda ein kjenner vel til hovudaktiviteten
deira: tryggleik. Dei står bak fleire og fleire vaktselskap og selskap som
leiger ut livvakter. Ein veit godt at dette fører til brotsverk og mord, men i
Russland er ikkje fascisme eit lovbrot. Dei siste åra har domsstolane berre
sjeldan dømt saker i samband med oppmoding til rasehat og propagering av
fascistiske idear.

Korleis forklarer ein denne passiviteten? For det første oppnår dei ekstreme
nasjonalistiske partia (kall dei gjerne naziparti) svært lita oppslutning
ved vala. Den nasjonale russiske eininga fekk berre 0,3% av stemmene. For
det andre har dei relativt få aktive, sjølv om det finst om lag 200
registrerte nasjonalistiske rørsler. Det finst fire "hovudparti". Den
nasjonale russiske eininga seier sjølv dei har 100 000 aktive (20 000 til 30
000 etter meir "objektive" overslag). Det republikanske nasjonalistpartiet
har 2 000 til 3 000. Den russiske nasjonalunionen har rundt 1 000. Det
nasjonale folkepartiet har 3 000 til 4 000). For tida arbeider dei alle kvar
på si side, men i morgon kan dei samle seg, med 50 millionar sympatisørar
som stemmer deretter.

Det er berre eit døme på farsotten som atter spreier seg. I alle europeiske
land ser ein slike tendensar. Sjølv om vestmaktene ikkje har nokon analyse
av fascismen, er krigen i Jugoslavia (også) ein krig mot fascistar. Ikkje
som Klassekampen skriv i leiaren i dag, "serbiske halvfascistiske bander".
Deler av Fremskrittspartiet er halvfascistiske, av det Danske Folkepartiet,
CSU i Tyskland, og nokre andre høgreparti i Europa. Regimet i Beograd har
heilt frå starten av bygd opp makta si ved hjelp av nasjonalistisk og
sjåvinistisk propaganda, og i Kosovo set dei nok ein gong ut i livet den
"nasjonale revolusjonen" som byrja for mange år sidan. Fascisten Le Pen
skrik opp om den vestlege aggresjonen av eit suverent land. Han har elles
ikkje for vane å ta slike ting så alvorleg. Det er berre når dei politiske
venene hans er truga at han går i harnisk og snakkar om "folkerett".

Kva skal ein gjera i høve til slike regime? Skal ein forhandle med dei? Skal
ein fire og få til "akseptable løysingar for alle", eit nytt München? Trur
nokon verkeleg at det er mogleg å få i stand varige politiske løysingar med
fascistar? Det har blitt prøva gong på gong, og gong på gong har resultatet
vore katastrofalt. Eg trur det er på tide å vakne.

Oddmund Garvik