Krig mot krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sun, 28 Mar 1999 15:23:33 GMT

var: Re: NATO Bombs Will Encourage Repression

Knut Rognes skriv:

>OK. Men hvis NATOs aksjoner fører til det motsatte av det ønskete resultat:
>økt undertrykkelse av kosovo-albanere, styrking av Milosevichs posisjon,
>økt undertrykkelse av anti-Milosevich krefter i Jugoslavia, osv osv., da må
>Garvik være snill å fortelle meg hvorfor han mener det skal bombes. Jeg vil
>gjerne overbevises.

For meg kjem krigen åtte år for seint. Det er alt åtte år sidan ein skulle
sanksjonert Milosevic for å hindre han i å gjera skade. Åtte år som har vore
merkt av øydelagde byar, fleire hundre tusen døde, ei herjing utan like i
Europa sidan andre verdskrigen. Slobodan Milosevic er ansvarleg for alt
dette. Difor har eg venta i årevis på det som skjedde natta mellom onsdag og
torsdag - på vilkår av at det verkeleg hende noko, at Vesten verkeleg har
bestemt seg for å ta knekken på Milosevic.

Eg hadde det same standpunktet under Golfkrigen, sjølv om situasjonen var
annleis og sjølv om ein ikkje eigentleg kan samanlikne Saddam Hussein og
Slobodan Milosevic. Men dei som slo til i Golfen har gjort eit politisk
reiknestykke, og bestemt seg for halde på Saddam som "stabilitetsfaktor i
regionen". Det same resonnementet er brukt på Balkan. Dei som styrer verda
har lenge tenkt at Milosevic er på Balkan det same som Saddam er i
Midtausten: ein nyttig gendarm.

Dette er sjølvsagt uttrykk for eit enkelt syn på folket, eit hånleg syn på
det folkelege opprøret og ynskjet om sjølvstende, i namnet til ein åndssvak
verdspolitisk orden. Det var reiknestykket til Bush i høve til Saddam,
reiknestykket til Mitterrand i si tid i høve til Milosevic. For desse er
folket villdyr som må temjast, og dei har lete "temjarar" ta seg av
kurdarar og shiamuslimar på den eine sida, og kroatar, bosniarar, kosovo-
albanarar og serbiske demokratar på den andre. Det er politikk på
nullstadiet.

I motsetning til det nokre påstår har ein i dag ikkje valt ei militær
løysing framfor ei politisk. Ein har endeleg bestemt seg, klårt og tydeleg,
for første gong på åtte år, å føra ein politikk som spring ut frå ein sann
observasjon på Balkan: Milosevic er oppviglaren bak krig og terror.
Når eg høyrer stemmer heve seg for å seia at ein heller skulle prøvd å få
til ei politisk løysing, er dette berre tøv. For det handlar om politikk! Og
det er ikkje amerikansk politikk som mange vil det til, det er
euro-amerikansk politikk: eit dobbelt initiativ. Og kva så? Javisst, USA er
imperialistisk. Javisst, Europa er imperialistisk. Kina også, og Russland,
og Noreg. Kva så?

Skulle antifascistar ha lete vera å reise til Spania dersom England og
Frankrike hadde gripe inn mot terroren til dei spanske frankistane? Dersom
"Vesten" hadde bomba Madrid og Aragon? Skulle antifascistane i staden ha
fått i stand "påskeopprør" mot den urettferdige krigen, lage opprop og
demonstrere framom dei engelske og franske ambassadane? Eg veit at vilkåra
ikkje er heilt dei same, men det er snakk om den same antitotalitære kampen.
Eg trur dei tre folka det er snakk om her - bosniarar, kosovoalbanarar (eg
likar betre det franske ordet "kosovars") og folka som utgjer Irak, har rett
på fridom og demokrati. Og at ein ikkje let dei få dette i namnet til ein
tenkt verdsorden.

I dag står valet framleis mellom to haldningar. Ein kan velja haldninga til
Mitterrand som sa at ein ikkje måtte "legge krig til krigen". Eller ein kan
velgja haldninga til antifascistane i Europa på trettitalet: "Gjera krig mot
krigen". Eg trur det er viktig å avvise krig og fred som heilage ting, som
noko sublimt, noko som går utover vår forstand og erfaring (jfr. Kants "das
Ding an sich"), noko som kan rettferdigjerast med absolutt hat eller
absolutt kjærleik, til dømes seia som i München, at fred er behageleg i
seg sjølv. Slik fekk ein i stand ein (tvungen) fred i Bosnia som var verre
enn krigen. Og i Kosovo har freden dei siste månadane vore, ein fred på
likhaugar. Ein fred som blankt må avvisast. Eg forstår ikkje haldninga til
dei som skrik opp og ber seg medan dei gjentar: fred, fred, fred, utan å
spørja seg om kor mange brotsverk det kostar.

Oddmund Garvik