Krise og eigarskap

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 29 Jan 1999 16:10:27 +0100

I den nye KK-debatten treng vi visst trøyst både frå ornitologar og
andre. Det vi ikkje treng, er lange og forsåvidt gode
forfattar-anekdotar (spar dei til sistesida eller neste Thygesen-roman)
og skjellsord (til søppelbøtta).

Det er lite substans i innlegga frå admiralen (JM) og matrosen (MM). Det
mest presise som har kome frå den kanten (hugsar ikkje no kven som
skreiv det), er noko slikt som dette:
1. Skaff abonnentar (og sel aksjar), slik at avisa overlever!
2. Når avisa er sikra, kan vi diskutere eigarskap og formål.
Men har vi ikkje høyrt dette før?

Kvar gong KK har vore i krise dei siste åra, har spørsmålet dukka opp om
ikkje eigarskapen er ein del av problemet. Så har eigarane mana til
dugnad ut frå prioriteringa "først overleve, så diskutere". Men når
krisa er over, passar det likevel ikkje så godt å endre på noko. (Eg
veit sjølvsagt at AKP har selt seg ned litt, men dei har framleis full
kontroll over KK.)

No går det tregt med vervinga. Grunnane folk oppgjev for å ikkje
abonnere, går visstnok på tid og pengar, ikkje på kven som eig avisa. Så
er det vel berre kranglefantane på KK-forum som held liv i det temaet.
Eller...?

Tenkt scenario: Eg har sagt opp abonnementet. Ei frivillig AKP-dame
(eller -mann) ringjer for å be meg ta det opp att. Kva svarar eg då?
a) Har så mykje anna å lese, rekk det ikkje: Ho kan sjølvsagt prøve å
påverke prioriteringa mi, men kan eigenleg ikkje seie så mykje mot.
b) Har ikkje råd: Ditto.
c) Likar ikkje eigaren: Då kan ho svare litt av kvart. Det kan utvikle
seg til ein lang og komplisert diskusjon om Partiet og Revolusjonen.
Kanskje eg ikkje har lyst på den diskusjonen, så eg vel heller eit svar
som gjer samtalen kort.

Vel, det er nok mange som er ærlege når dei svarar a) eller b), og dei
er det kanskje lite å gjere med. Men kva med dei som ikkje blir spurde?
Dei som vervarane aldri når fram til, fordi dei ikkje finst i nettverka
rundt KK og AKP? Ville det vere råd å nå dei dersom AKP reelt gav frå
seg makta og dermed opna for at andre miljø ville interessere seg for å
rekruttere?

Kan vi i det minste få eit lite pip om at Admiralen er villig til å
tenkje i slike baner dersom det går bra no? (Som Trond A. har peika på,
har han reelt sett nakketak på eigaren no.)

Lars Staurset
(som synest KK er ei bra og viktig avis, som ikkje eig ein einaste
aksje, men som gjennom fleire år gav mange tusen kroner til KK-vennene.)