SV:_Hvor_menneskefiendtlig_går__det_an___

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 13 Jan 1999 08:49:08 +-100

Eliassen:

Betyr det at RU også har meldt Cinemateket i Oslo til politiet, eventuelt
støttar andre si melding? Det strir i så fall mot RU si prinsipielle
haldning slik eg har oppfatta det.

Striden mot porno - eller rasisme for a nemne ei anna sak som er oppe i
tida - kan aldri vinnast med paragrafar i straffelova.

Raud Ungdom er for ytringsfridom. Raud Ungdom har meldt Cinemateket til politiet. Vi ser ikkje på porno som "ytring", det er vel så mykje "handling". Retten til ytringsfridom femnar etter mitt syn ikkje om retten til å produsera og distibuera akkurat så skadelege varer som ein vil, eller å utnytta folk slik som Linda L og andre i pornobransjen blir utnytta.

Eg vil forsvara alles rett til å meina at "barneporno må vera lovleg" eller at "deep throat må visast på Barne-TV", dette er ytringar. Men i dag er barneporno forbode, og dei som blir gripne med ulovlege videofilmar skal straffast. Det er handlinga mot ungane som skal straffast (både av omsyn til dei som er med i filmen og av omsyn til ungar generelt, altså "samfunnsmoralen" i dette spørsmålet).

Mingus

Løkeland-Stai:

> (dette er
> trass alt eit grovt tilfelle - jamfør Linda Lovlace si bok).

Eliassen:

Det kan vere, men er det ikkje i konfrontasjon med grove tilfelle at
prinsippa vert testa?
Elles synest eg nok Linda Lovelace si bok er eit problem i seg sjølv. Eg
synest det er ei svært ekkel bok; pornografisk på ein fordekt måte; den
abdiserte pornodronninga sine memoarar manglar truverde.

Løkeland-Stai:

> Det viktigaste i anti-pornokampen trur eg må vera å settja søkjeljos på
> nye offensivar som kjem frå pornoindustrien, ikkje å settja opp liner
> for kva du «har lov til å sjå» og kva du «ikkje har lov til å sjå på».

Eliassen:

Det er eg samd i.

Finn Sindre Eliassen