Re: Hvor menneskefiendtlig går_ det an å__ bli?

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 13 Jan 1999 08:45:47 +0100 (MET)

Espen Løkeland-Stai skriv:

> Vi freistar mobilisera folk til kamp mot det
> kvinneundertrykkjande synet som pornoen står i spiss for. Vi veit at denne kampen ikkje vinnast
> gjennom å ropa på den sterke stat som kan forby alt vi ikkje tykkjer om,

Eliassen:

Dette er eit vikig poeng i debatten. Denne debatten - liksom andre
debattar og stridar - kan berre drivast framover og vinnast med å drøfte,
lese, organisere osb. Berre det kan forme ein opplyst folkeopinion,
motkrefter, eller kva vi no kallar det.

Løkeland-Stai:

> sjølv om vi også nyttar anmelding jamfør den saka som no er oppe

Eliassen:

Betyr det at RU også har meldt Cinemateket i Oslo til politiet, eventuelt
støttar andre si melding? Det strir i så fall mot RU si prinsipielle
haldning slik eg har oppfatta det.

Striden mot porno - eller rasisme for a nemne ei anna sak som er oppe i
tida - kan aldri vinnast med paragrafar i straffelova.

Løkeland-Stai:

> (dette er
> trass alt eit grovt tilfelle - jamfør Linda Lovlace si bok).

Eliassen:

Det kan vere, men er det ikkje i konfrontasjon med grove tilfelle at
prinsippa vert testa?
Elles synest eg nok Linda Lovelace si bok er eit problem i seg sjølv. Eg
synest det er ei svært ekkel bok; pornografisk på ein fordekt måte; den
abdiserte pornodronninga sine memoarar manglar truverde.

Løkeland-Stai:

> Det viktigaste i anti-pornokampen trur eg må vera å settja søkjeljos på
> nye offensivar som kjem frå pornoindustrien, ikkje å settja opp liner
> for kva du «har lov til å sjå» og kva du «ikkje har lov til å sjå på».

Eliassen:

Det er eg samd i.

Finn Sindre Eliassen