"Det nasjonalistiske Nei til EU" (var: Pornofestivalen)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 11 Jan 1999 09:20:18 +0100

sigurd lydersen wrote:

> RU har imidlertid valgt å ta side med middelalderen, og viser igjen at
> de sammen med moderpartiet RV egentlig ikke er noen marxistisk
> progressiv bevegelse, men representerer den mørkeste norske reaksjon.
> Jeg leste i jula Eystein Eggens bok "Gutten fra Gimle" som omhandler
> NS-barnas oppvekst i Norge i etterkrigstida. Eggen var selv NS-barn og
> skildrer hvordan NS-folket fant igjen mye av det gode gamle i AKP (ml)
> og det nasjonalistiske Nei til EU på 70-tallet. Så de store linjene er
> ganske så klare for dem som vil se.

RU, RV og AKP får svare for seg sjølve. Nei til EU eksisterte ikkje på
70-talet, men vart stifta i 1990, så vidt eg hugsar.

Tidleg på 70-talet var det Folkerørsla mot EEC som dreiv hovuddelen av
motstandsarbeidet, med AKMED litt på sidelinja. Den gongen var
"nasjonalisme" eit positivt ord for dei aller fleste - med assosiasjonar
til bunader, 17. mai, sjølvråderett og ikkje minst motstand mot
naziokkupasjonen tre tiår tidlegare. Det var seinare at nazistane, med
støtte av ja-til-EF-pressa, tok til å kalle seg "nasjonalistar".

Eg har ikkje lese boka til Eggen, så eg veit ikkje om det er han som
skriv feil eller Lydersen som refererer han feil. Kanskje Lydersen kan
oppklåre det?

Lars Staurset