ATTAC innbyr til alternativt Davos-forum

Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Mon, 11 Jan 1999 09:10:13 +0100

(Videresendt av Trond Andresen:)
**************************************

Godtfolk!

Denne meldinga er frå Vidar Rekve til eit utval styrarar av elektroniske
distribusjonslister/diskusjonsfora. Eg er norsk kontaktperson for
organisasjonen ATTAC. (Ønskjer du også seinare å få sporadiske
oppdateringar om det som skjer i og omkring ATTAC, gi meg beskjed om det.)

ATTAC arbeider for demokratisk kontroll med finanskapitalen og mot
spekulasjonsøkonomien, mellom anna gjennom innføring av avgifter på
transaksjonar i finansmarknadene (særleg den såkalla Tobin-avgifta).
Plattforma til organisasjonen er lagd ved i ein nedlasta og utpakka
rtf-versjon, til orientering. Alle dei viktigaste opplysningane om
organisasjonen er tilgjengelege på fleire språk (også norsk) på
http://attac.org

ATTAC blei stifta i Frankrike 3. juni 1998 og har alt rundt 6000 medlemmer,
både enkeltpersonar, organisasjonar og grupper med kollektiv medlemskap.
Organisasjonen opererer no som ei internasjonal rørsle med avleggjarar og
samarbeidspartnarar i mange land. Organisasjonen har hatt sitt første
internasjonale møte i desember 1998, og førebur ei stor internasjonal
samling i juni/juli 1999.

På vegner av ATTAC legg eg ved ei innbyding til ein Internett-aksjon i høve
World Economic Forum i Davos sist i januar. ATTAC innbyr alle styrarar av
elektroniske distribusjonslister/diskusjonsfora til å gjera invitasjonen
nedanfor kjend for deltakarane og oppmoda dei om å ta del i diskusjonen.

Dei offisielle språka i etappe 2 (sjå nedanfor) er engelsk, fransk og
spansk.

Eg svarar gjerne på spørsmål!

Med aktivistisk helsing
Vidar Rekve
bvrekve@online.no
tlf 22 61 40 81

****************************************
ALTER DAVOS
En Internett-aksjon i anledning World Economic Forum i Davos
Presentert av den internasjonale bevegelsen ATTAC, http://attac.org

Gjennom de sist tjue årene har globaliseringen av finanskapitalen økt den
økonomiske utryggheten og forverret de sosiale ulikhetene. Globaliseringen
omgår og devaluerer de valg folk verden over gjør, de demokratiske
institusjonene og de suverene statene som skal forsvare allmenne
interesser. I en situasjon der omformingen av verden blir fremstilt som en
naturlov, opplever borgerne og deres representanter at de kjemper om makten
til å råde over sin egen fremtid. Det haster med å stoppe denne prosessen
gjennom å skape nye regulerings- og kontrollmidler, både på nasjonalt,
regionalt og internasjonalt nivå. Skal en møte den dobbelte utfordringen
som faren for sosialt sammenbrudd og politisk apati representerer, kreves
det derfor en sosial og folkelig mobilisering.

I anledning av World Economic Forum, som avholdes i tida 29. januar til 1.
februar 1999 i Davos i Sveits, organiserer ATTAC, i Paris og mange andre
byer i Frankrike, en rekke tiltak som har til hensikt å fremme aktivt andre
forslag enn de som kommer fra "markedene" og deres politiske
støttespillere.

ATTAC samarbeider for øvrig med andre internasjonale motkrefter som har
dannet nettverk (Coordination contre l'AMI, Forum mondial des alternatives,
SAPRIN) for å utvide arbeidet med å utvikle alternativer til
spekulasjonsdiktaturet, å gjenerobre områdene som er gått tapt for
demokratiet til fordel for finanskapitalen, og å motsette seg alle nye
angrep på statenes suverenitet som vil bli gjennomført under påskudd av å
sikre "retten" til investorene og handelsinteressene. Kort sagt er målet å
skape, på verdensbasis, en mer demokratisk økonomi.

Vi inviterer mennesker verden over til å gi uttrykk for hva de mener, enten
de er medlemmer av ideelle organisasjoner, fagforeninger eller nettverk av
motkrefter, eller ganske enkelt ønsker å bidra til en kollektiv refleksjon
gjennom aksjonen ALTER DAVOS.

ALTER DAVOS – et internasjonalt folkelig forum

Første etappe: Fra 9. januar vil det bli lagt ut tekster på flere språk på
ATTAC-adressen http://attac.org/alterdavos/. Vi foreslår at dere diskuterer
dem i de nettverkene dere er tilsluttet. Denne innledende diskusjonen gjør
det mulig for dere å få kjennskap til tekstene som allerede finnes, og
forberede arbeidet som vil finne sted på Internett.

Andre etappe: Fra 15. januar kl. 1600 GMT til søndag 17. januar kl. 1600
GMT organiserer vi et forum på Internett. Vi inviterer dere til å ta del i
dette forumet fra alle offentlige steder eller privatadresser med
Internett-tilkopling og til å bevisstgjøre så mange mennesker som mulig
rundt dere. Målet er å nå fram til, når debatten er avsluttet, et forslag
som er så fullstendig som mulig til en internasjonal og folkelig omforent
avtaletekst som omhandler investeringer og landenes rikdommer.

Tredje etappe: lørdag 30. januar, Davos. Teksten som denne aksjonen munner
ut i, vil bli offentliggjort på en pressekonferanse der de fire nettverkene
ovenfor er til stede, i tillegg til representanter fra internasjonale
motstandsbevegelser.

Vi ber om at denne meldingen spres til så mange som mulig. Skal forumet
lykkes i sitt forsett, er det nødvendig med støtte fra og deltakelse av så
mange kvinner og menn som mulig.

*****************************************

>I fellesskap krev vi tilbake makta over framtida til verda vår
>
>Plattform for den internasjonale rørsla ATTAC
>Internasjonal rørsle for ein demokratisk kontroll over finansmarknadene og
>institusjonane deira
>
>vedteken på det internasjonale ATTAC-møtet 11. og 12. desember 1998.
>
>Globaliseringa av finanskapitalen aukar den økonomiske utryggleiken og
>forverrar dei sosiale skilnadene. Globaliseringa omgår og devaluerer dei
>vala folk verda over gjer, dei demokratiske institusjonane og dei suverene
>statane som skal forsvara allmenne interesser. I staden for dette set
>globaliseringa sin eigen snevert spekulative logikk i høgsetet, ein logikk
>som eine og åleine er eit uttrykk for interessene til dei transnasjonale
>selskapa og finansmarknadene.
>I ein situasjon der denne omforminga av verda blir framstilt som ei
>naturlov, opplever borgarane og deira representantar at dei kjempar om makta
>til å rå over eiga framtid. Ei slik svekking og ei slik avmakt gir næring
>til framgangen for dei antidemokratiske partia. Det hastar med å stogga
>denne prosessen gjennom å skapa nye regulerings- og kontrollmiddel, både på
>nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå. Ein har ofte nok røynt at
>regjeringane ikkje vil gjera dette med mindre ein pressar dei til det. Skal
>ein møta den dobbelte utfordringa som faren for sosialt samanbrot og
>politisk apati representerer, krevst det difor ei sosial og folkeleg
>mobilisering.
>Den fullstendige fridommen kapitalen har til å flytta seg rundt,
>skatteparadisa og eksplosjonen i omfanget av dei spekulative transaksjonane
>tvingar statane til å kappast vilt om å lokka til seg dei største
>investorane. Meir enn 1800 milliardar dollar blir dagleg flytta rundt på
>valutamarknadene i jakta på rask profitt, utan tilknyting til
>produksjonslivet og handelen med varer og tenester. Ei slik utvikling gir
>ubroten vekst for kapitalinntektene og rammar arbeidsinntektene, og ho fører
>til stadig utryggare samfunn og meir fattigdom.
>Dei sosiale følgjene av denne utviklinga er mest alvorlege i land med svak
>økonomi, landa i den tredje verda og i Aust-Europa, som er hardast råka av
>finanskrisa, og som har måtta underkasta seg strukturtilpassingsprogramma
>til Det internasjonale pengefondet. Betalinga av den offentlege gjelda
>tvingar regjeringane til å kutta til beinet i sosialbudsjetta og sementerer
>underutviklinga i samfunna. Rentesatsar som er langt høgare enn i dei mest
>utvikla landa, bidreg til å knusa dei nasjonale bedriftene, og brutale
>tiltak for privatisering og denasjonalisering blir stadig vanlegare for å
>frigjera ressursane som investorane gjer krav på.
>Velferdsordningane blir angripne overalt. I land der det finst
>pensjonsordningar, blir lønstakarane oppmoda om å byta dei mot ei ordning
>med pensjonsfond som inneber at deira eigne arbeidsplassar i endå større
>grad blir underlagde absolutte krav om umiddelbar lønsemd, at nedslagsfeltet
>til finanskapitalen blir utvida, og at borgarane skal overtydast om kor
>avleggs det er med solidariske ordningar mellom nasjonar, folk og
>generasjonar, jamvel om miljøkrisa i vår tid tilseier ei styrking av slik
>solidaritet. Dereguleringa omfattar heile arbeidsmarknaden og fører til
>forverra arbeidsforhold, meir utryggleik og arbeidsløyse, og avvikling av
>ordningar som verkar som sosiale tryggingsnett.
>Fordi dei hevdar det er nødvendig for den økonomiske utviklinga og
>sysselsetjinga, har dei økonomisk viktigaste landa ikkje gitt opp å få til
>ein multilateral avtale om investeringar (MAI), ein avtale som ville gi
>investorane alle rettane og påleggja statane alle pliktene. Under presset
>frå ein folkeleg opinion og ei aktiv mobilisering måtte desse landa gi opp
>planen om å forhandla fram denne avtalen innanfor ramma av OECD, men
>drøftinga skal førast vidare innanfor ramma av Verdshandelsorganisasjonen
>(WTO). På same tid held USA - men òg Europakommisjonen - fram med sitt
>frihandelskrosstog gjennom å pressa fram skipinga av nye deregulerte
>handelsområde på og mellom kontinenta.
>Dei fleste tannhjula i denne maskina for auka forskjellar, mellom ulike
>delar av verda så vel som innanfor kvart enkelt land, kan framleis stoggast.
>Altfor ofte blir argumentet om det lagnadsbestemte ved utviklinga styrkt
>gjennom å innskrenka informasjonen om alternativa. Det er slik dei
>internasjonale finansinstitusjonane og dei store mediekonserna (ofte eigde
>av dei som nyt godt av globaliseringa) har sikra manglande omtale av
>forslaget til den amerikanske økonomen og nobelprisvinnaren James Tobin om å
>leggja ei avgift på dei spekulative transaksjonane på valutamarknadene.
>Jamvel om nivået på ei slik avgift skulle bli sett så lågt som til 0,1 %,
>ville ei Tobin-avgift gi inntekter på nær 100 milliardar dollar i året.
>Dette beløpet, som i hovudsak ville bli inndrive av dei industrialiserte
>landa, der dei store finanssentera ligg, kunne gå til tiltak i kampen mot
>alle forskjellane, her òg kampen for like vilkår for kvinner og menn, tiltak
>for betre utdanning og folkehelse i dei fattige landa, for matvaretryggleik
>og ei berekraftig utvikling. Ei slik ordning har eit klart antispekulativt
>siktemål. Ordninga ville støtta opp om tenkjemåtar som yter motstand mot
>globaliseringa, gi folk og statar tilbake eit handlingsrom, og ville framfor
>alt bety at politikken igjen fekk overtaket.
>For å oppnå dette gjer underskrivarane framlegg om å ta del i, eller
>samarbeida med, den internasjonale rørsla ATTAC, for å føra ein felles
>debatt og å produsera og spreia informasjon og samarbeida om tiltak, både i
>eigne land, på eigne kontinent og internasjonalt. Målet med slike felles
>tiltak er å:
>- stogga internasjonal spekulasjon,
>- skattleggja kapitalinntekter,
>- straffa skatteparadis,
>- hindra vidare utbreiing av pensjonsfond,
>- arbeida for innsyn i og openheit omkring investeringane i land med svak
>økonomi,
>- etablera ei rettsleg ramme for bank- og finansoperasjonane som ikkje
>straffar forbrukarane og innbyggjarane (dei tilsette i bankane kan spela ei
>viktig rolle i kontrollen med desse operasjonane),
>- støtta kravet om allmenn sletting av den offentlege gjelda i land med svak
>økonomi og ein bruk av ressursane som slik blir frigjorde som er til beste
>for befolkningane og ei berekraftig utvikling, det som mange kallar ei
>avvikling av den "sosialt og økologisk skadelege gjelda".
>Meir allment dreiar det seg om
>- å gjenerobra områda som er gått tapt for demokratiet til fordel for
>finanskapitalen,
>- å motsetja seg alle nye åtak på statane sin suverenitet som vil bli
>gjennomførte under påskot av å sikra "retten" til investorane og
>handelsinteressene,
>- og å skapa, på verdsbasis, ein meir demokratisk økonomi.
>Det dreiar seg ganske enkelt om at vi i fellesskap krev tilbake makta over
>framtida til verda vår.
>
>