Berekraft ein gong til

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 7 Dec 1998 18:35:25 -0800

Eg er usikker på om debatten med Knut Johansen, Karsten Vedel Johansen og
Erik Lindeberg om berekraft og forholdet menneske/ natur fører framover, men
prøver likevel ein gong til.
Mitt utgangspunkt er at naturen, moder natur eller Gaya om ein vil, i
utgangspunktet eksisterer ubunde av menneska og etter sine eigne lover.
Jorda med ulike slags organismar har vore til i bortimot 4 1/2 milliardar år
før dyrearten homo sapiens vart ein realitet.
Men etter kanskje ein kvart million eller bortimot ein halv million års
eksistens, mindre enn ein tidels promille av dei 4 1/2 milliardane, har
menneska dei siste to-tre generasjonane utvikla verkty som gjer at denne
dyrearten er i ferd med å bryte balansen i naturen, eller kanskje eg heller
skulle skrive å verke avgjerande inn på motsetnadene i naturen, slik at
grunnlaget for menneskeleg eksistens i særleg utstrekning og for ei rekkje
andre organismar blir svekt. Med at fossilt brensel tek slutt, med at
atmosfæren blir varma opp, med at denne eine dyrearten legg beslag på minst
halvparten av fotosyntesen, med at vi grip inn i arveeigenskapar og
konstruerer nye artar osv.
I denne situasjonen må vi prøve å utforme prinsipp for menneskeleg handling
som byggjer på at vi skal vere ein del av naturen og ikkje bryte han ned. Eg
meiner berekraft, eller formulert noko fyldigare at vi ikkje tek meir ut av
naturen enn vi fører attende til han og han er i stand til å byggje opp att,
er det rette grunnprinsippet for vårt forhold til naturen. Om vi følgjer
dette grunnprinsippet, kan vi ha von om at det skal vere liv og grunnlag
endåtil for homo sapiens også om tusen år og om ein ny milliard år.
Knut Johansen innvender at dette ikkje med dagens innsikt let seg
kvantifisere for fossilt brensel og for organismar. Sant nok. Vedel Johansen
innvender at eit krav om fornying ikkje er realiserbart i vårt samfunn, og
har også i og for seg rett. Men det eg argumenterte ut frå, var kva som skal
vere grunntenkinga. Altså den tenkinga som (vi i dag trur) kan gjelde no og
om tusen år og om ein milliard år. Den tenkinga som gjeld ubunde av vår
smerteleg avgrensa innsikt i naturens lover og vår smerteleg manglande evne
til å kvantifisere det som skjer i naturen.
Det kan hende eg ikkje har fått med meg alt i innlegga, men med eitt unntak
frå Knut Johansen, som eg kjem attende til, tykkjer eg ikkje dei har
argumentert mot dette. Nivået til Johansen et Johansen er i staden kva som
er salbart og realiserbart i dag. Det er på eitt vis neste steget i
debatten.
Så til det steget. Begge vil omforme det at vi ikkje tappar meir fossilt
brensel ut av naturen enn han byggjer opp på ny, til at "disse brennstoffene
ikke må brukes raskere enn vi finner energisparemetoder og
erstatningsenergikilder." Kva inneber det? At dersom vi ikkje finn metodar
for å spare energi og nye energikjelder, kan vi bruke dei raskt? At viss vi
finn slike metodar og kjelder, kan vi redusere på forbruket? Det inneber, om
eg forstår det rett, altså at vi set menneskelege behov over naturens lover.
Eller har eg misforstått?
Også eg er klar over at vegen frå vårt overforbruk av fossil energi til eit
akseptabelt nivå er uendeleg vanskeleg. For det akseptable nivået er svært
lågt eller nesten ingen ting. Men dei to skuslar begge bort spørsmålet om
eit eventuelt akseptabelt nivå. Dei knyter i staden energiuttaket til
alternativ. Og då blir heller ikkje menneskeheita i stand til å handle
langsiktig viss vi ikkje finn alternativa. Då vil, som KVJ har skrive om,
til dømes Nordpol-isen bli borte, Bangla Desh oversvømt av vatn, v=EAret bli
langt meir uroleg, kanskje Golfstraumen ta slutt eller snu og balansen i
økosamfunn bli øydelagd fordi somme individ, til dømes menneske og harar og
tuberkulose-bakteriar, kan vandre snøgt og andre, til dømes grantre og
meitemakk, er mindre transportable.
Eg skreiv at vi ikkje må utrydde fleire artar enn det naturen skaper på
nytt. Dette tolkar Knut Johansen som eit signal om at ei akseptabel
artsutrydding finst. Dersom ei slik tolking er nærliggjande, så er det grunn
til å omforme målet, eg vedgår gjerne det, (endå eg meiner det er på sin
plass å diskutere om vi skal utrydde ebola-viruset dersom vi mot formodning
skulle få høve til det og om det ikkje var fornuftig å utrydde kopper, det
er vel også eit virus, slik det truleg har skjedd).
Men eg tykkjer ikkje Johansens tolking ligg nær. Eg set formuleringa om å
ikkje utrydde fleire artar enn det naturen skaper på nytt inn i ein annan
samanheng. Trass alle konvensjonar om vern av biologisk mangfald skrumpar
dette inn meir og meir. Det gjeld dyr, fuglar, fisk og krypdyr, men først og
fremst gjeld det den delen av biologien vi veit minst om, mikroorganismane.
Truleg forsvinn minst 50.000 typar organismar årleg. Det å seie at vi ikkje
må utrydde fleire artar enn det naturen skaper på nytt, er difor først og
fremst ein protest mot den rovdrifta på naturen våre dagars industrisamfunn
står for. Dinest er det eit signal om at ei uendeleg varsemd er det einaste
akseptable.

Beste helsing
Olav Randen