Re: Kremmersk skadefryd

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Tue, 3 Nov 1998 08:16:58 +0100 (MET)

Eg las om det norske el-bilprosjektet på heimesida til Andresen for ei tid
tilbake. Eg hadde aldri høyrt om det før, og det verka interessant.
Det er synd at det gjekk skeis sjølvsagt, men det er vel ikkje så rart i den
store oljenasjonen. Me er nok eit stykke frå reine bilar enno.

Utviklinga av ny teknologi på dette området blir konsekvent sabotert av
oljelobbien, og forseinka av bilprodusentane som er redde for tunge
investeringar i avantgardeteknologi. I tillegg manglar det vel eit strammare
lovverk for å tvinge gjennom endringar på dette området. Ideen om at ein
elektrisk bil ikkje er like brukbar, og ikkje har same yteevne som ein bil
med forbrenningsmotor, passar veldig bra for desse som klamrar seg til olja.
Me har blitt hjernevaska med dette tøvet i mange år no, og mange trur det er
sant. Det har vore folk på månen, astronomiske summar blir bruka til
utvikling av meir og meir avansert våpenteknologi. Det er då ganske underleg
at batteriteknologien framleis er så underutvikla. I eit intelligent system
ville me hatt ikkje-forureinande transportmiddel for lenge sidan, og ein
kollektivtransport basert på same prinsipp.

Situasjonen er likevel ikkje heilt svart. Aukande problem med forureining i
store byområde tvingar bilprodusentane til å tenkje annleis. Dei kan ikkje
forandre alt over natta, så dei startar med eit kompromiss: den hybride
bilen - ein liten forbrenningsmotor som medan ein køyrer, ladar
battericeller, som deretter driv ein elektrisk motor. Ein kan kople over til
el-drift når ein vil, og har såleis redusert problemet med køyrelengde for
reine el-bilar. I Japan har Toyota lansert Prius:

http://www.toyota.com/vehicles/prius.html

Og på den siste bilmessa i Paris, Mondial de l'automobile, presenterte
Renault ein annan hybrid bil, ein Kangoo - den nye 4L - som blei testa over
450 km på vanlege vegar. Hybridbilen er eit nært foreståande prosjekt hjå
Renault.

På den same Mondial de l'automobile blei det endatil presentert ein bil som
køyrde på vatn. Slike finst det fleire prototypar av, m.a. i Australia. I
Paris viste Mercedes fram ein brenselcellebil (Fuel Cell Electric Car), med
hydrogen som produserer elektrisitet. Produksjon og lagring av hydrogen er
vanskeleg, og brenselcella er ganske stor, men prototypen til Mercedes var
forbausande likevel. Det var romsleg og plass til fem personar i den
vesle varebilen, og dei køyrde fleire hundre kilometer stille og fredeleg,
utan ein lyd, berre med ei lita dampsky etter seg. Representantane for
fleire oljefirma gremma seg...

Oddmund Garvik