Re: Teser om Norge, EU og "nei"-"regjeringen"

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Tue, 3 Nov 1998 00:33:56 +0100 (MET)

Lars Staurset:

>Det finst sikkert mange hyggelege venstreorienterte i EU, og vi kan
>utvilsamt lære mykje av dei...

Dette høyrer ein jo stadig: me er for internasjonalt samarbeid osb. Men
kvar blir det av det? Når skal den norske "venstresida" kaste seg utpå og bli
internasjonalistisk? På ei nei til EU vevside ser eg eit par referansar til
nokre marginale rørsler eg aldri har høyrt om før. Er dette det
internasjonale samarbeidet?

>Heller dårleg politisk scenekunst enn massiv styrking av kapitalmakta,
>sjølv om krisemaksimering og forverra kår kanskje kunne dra RV og SV opp
>eit par prosentpoeng og gje Erik Solheim og Øystein Hedstrøm plass i
>EU-parlamentet. (Akkurat det ville sikkert heve det gjennomsnittlege
>politiske nivået både i Stortinget og i EU-parlamentet, men eg trur vi
>bør stå over likevel.)

Trur Staurset at EU-motstanden i kva som helst form hindrar kapitalmakta i å
styrkja seg? Og trur han verkeleg at Solheim og Hedstrøm ville vera i stand
til å heve noko som helst (i Stortinget og) i EU-parlamentet? Nok ein gong
eit døme på den norske mangelen på sjølvinnsikt og nasjonal nøysemd: Det må
sjølvsagt nordmenn til for at verda skal få augo opp...

EU-motstanden har sterke populistiske innslag, og difor ein viss suksess.
Men dette har ingenting med sosialisme å gjera. At "venstresida" kastar seg
på det populistiske toget, er meir eit opportunistisk trekk. På det viset
klarer "venstrehovdingane" i det minste å vera til stades på den politiske
scenen. Hadde ikkje EU-kampen eksistert, hadde "venstresida" vore under
torva for lenge sidan. Den dårlege scenekunsten, den kritikklause hyllinga
av det nasjonale som noko ukrenkeleg godt og gjevande, er på lengre sikt ein
boomerang. Slik har det vore sidan den første russiske revolusjonen.

>Sikkert ikkje, men sosialismen er ikkje på dagsorden no, verken her
>eller der.

Sosialismen er alltid på dagsorden. Men sosialismen er ikkje eit nasjonalt
foretak, og Noreg er kanskje lenger frå sosialismen enn mange andre land.
Noreg - dette koselege, "nære", trygge, nyrike, vakre og reine (både i blod
og på fjell), subamerikanske vesle kongeriket med kvitnebba, bleike, sindige,
saklege, og nostalgiske innbyggjarar. Det ikkje lett å koma trekkjande med
noko så vederstyggeleg som sosialisme i eventyrland. Men om ein pakkar
han inn i julepapir, og på sindig vis gir seg til å snakka om betre levekår,
tryggare liv og meir demokrati, kan det hende at nokre høyrer på, ei stund.
Ein dag blir det kaldt, og då går det kanskje opp for dei forvirra, blåøygde
opportunistane at dei berre hadde pissa i buksa for å halde varmen.

KVJ:
>> Storparten av de som stemte nei, gjorde det på grunn av
>> banale nasjonalsjåvinistiske og -romantiske fordommer og illusjoner og ikke
>> fordi de var bevisst mot den faktiske utviklingen i EU.

Staurset:
>Kan du dokumentere det? Vi hadde aldri i verda greidd å få fleirtal
>dersom ikkje folk hadde stemt nei av svært ulike og personlege grunnar:
>solidaritet, idealisme, redsle for alt som er stort og ustyrleg,
>sjølvsagt næringsinteresser, men også nasjonalromantikk og sjåvinisme.
>Sikkert fanst det også fordommar og illusjonar, men neppe meir enn på
>ja-sida.

Eg ser ikkje mykje solidaritet i Noreg, heller ikkje så mykje idealisme. Det
er helst redsla for det som er stort, framandt og annleis som styrer den
norske tenkjemåten, og lommeboka sjølvsagt, der som mange andre stader. Denne
matematiske rettferdiggjeringa av populismen og nasjonalsjåvinismen er
talande.

Eg høyrer korkje til ja-, eller neisida. Eg har levd i EF/EU i femten år, og
eg er framleis i live. Eg har ikkje inntrykk av at eg har mindre innverknad
her, enn eg hadde i Noreg. Innverknaden har alltid vore nokså stabil, rundt
null.

Oddmund Garvik