Re:_Blir_det_slutt_på_eggedosis_17._mai=3F

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Mon, 2 Nov 1998 14:49:05 +0100 (MET)

Trond Andresen:

>Oddmund Garvik veit ikke hva han snakker om. Han bør sette seg inn i den
>omfattende forskning som i dag foreligger som dokumenterer
>
>(1) De store skadevirkningene av at nye sjukdommer kommer inn i områder hvor
>de ikke fantes før, p.g.a. uregulert flyt av ferskvarer og levende dyr over
>landegrensene
>
>(2) Hvor vanskelig (for ikke å si umulig) det er å bli kvitt slike
>sjukdommer når de først har kommet inn i et nytt område. Man har altså ingen
>mulighet til å reversere dette, når man oppdager følgene og angrer seg.

Men slik er det å leve i verda, alle er underlagt denne dynamikken, både når
det gjeld atmosfærisk forureining, forureina hav, og forureina matvarer.
Hovudpåstanden min er at ein ikkje kan ta avstand frå problema ved å isolere
seg, drive nasjonal gerilja, og berre kasta seg frampå og forlanga kvotar og
fordeler kvar gong det tener nasjonale interesser. Ein blir ikkje truverdig
på denne måten.

>som er skrevet av fagfolk på feltene dyrehelse, smittespredning,
>sjukdommmer i den forbindelse. Er kanskje Garvik veterinær,
>bakteriolog, biolog eller lignende, og kan vise til forskning som
>konkluderer med andre resultater enn de alarmerende utviklingstrekk
>som det pekes på i denne rapporten jeg her henviser til?

Nei, eg er ikkje amanuensis ein gong. Eg går berre ut frå det logiske
prinsippet at alle er for god helse. I tillegg veit at det også finst svært
kompetente veterinærar, bakteriologar, biologar, etc. andre stader enn i
Noreg, og at desse truleg er like kompetente i desse spørsmåla. Det finst
motstridande standpunkt og erfaringar, og har eg tid til det, skal eg gjerne
koma attende med meir teknisk materiale.

Eg har ganske god greie på miljøspørsmål, og er oppteken av god helse. Eg
dyrkar, og nyttar biodynamisk frukt og grønsaker, eg et kjøt som er
produsert etter biodynamiske prinsipp. Dette er eit personleg val, som eg
gjorde nokre år før eg flytte frå Noreg. Alle kan gjera dette valet. Vel ein
husmannskost, industrimat, eller kva ein no kallar det, er ikkje forskjellen
stor mellom Noreg og EU. Det blir påstått at norske grønsaker i snitt er
mindre sprøyta enn importerte. Dette har eg aldri sett prov på, og det er
temmeleg vagt og uinteressant. Det blir vist til statistikkar over
dyresjukdom i Holland, men desse er ikkje representative.

Det er mykje generelt stoff i desse utvalde skriftene som amanuensisen viser
til. Når ein akkumulerer slike generelle talemåtar, blir sjølvsagt
resultatet vagt og generelt. Det blir sagt at "vi har færre matbårne
sjukdommar enn andre land, og alvorlege dyresjukdommar har ikkje fått
fotfeste her. Dette er ikkje tilfeldig." Nei, det er ikkje tilfeldig at det
er slik i eit lite, homogent land som Noreg, utan historiske band til verda
(anna enn norskamerikanarar og ein stor handelsflåte). Den lange og kalde
vinteren, "eit landbruk samansett av mange små, oversiktlege og geografisk
spreidde gardsbruk, og eit strengt importvern tryggjer maten vår." Det er
nok langt på veg rett, men det skurrar litt. Sjølv i Det Norske Fedrelandet
finst det sjukdommar som kjem "innanfrå". For eit par år sidan blei alt
mogleg gjort for å dysse ned skrapesjukeepidemien i vestlandske
sauebestandar. Men nordmennene åt visst like mykje pinnekjøt til jul det året
som før. Sjølv i DNF finst det kjøtlobby, og økonomiske særinteresser er
like grunnleggjande for norsk landbrukspolitikk, som i Europa, og i resten
av den rike verda.

Grensekontroll er først og fremst eit nasjonalt, proteksjonistisk
vernetiltak, som tener interessene til det intensive landbruket. Norsk
"spisslandbruk" kan ikkje konkurrere med det intensive landbruket på
kontinentet, og treng "særordningar". Men kva skal ein no med
intensivlandbruk i Noreg? Det er naturstridig, og gir levebrød til svært få
menneske. Dette kan då ikkje vera ei "progressiv" merkesak...

Eg siterer meir frå skriftene til Andresen, der det m.a. heiter:

"Uavhengig av slik kunnskap, skal en måtte handle med varer så lenge
vedkommende vare er godkjent omsatt i ett av EU-landa. Med et så stivbeint
system som EU representerer, vil en neppe kunne etablere den fleksibiliteten
en trenger for å beskytte forbrukerne. Debatten dreier seg altså mer om hvor
vi skal importere fra og hvilke områder eller varer vi skal unngå enn om vi
skal importere eller ikke. Det regelverk vi tvinges inn i ved en utvidelse av
EØS-avtalen er dårlig egna til slik styring."

Det er vel dette då det handlar om at EU er for stivbeint for dei fleksible
nordmennene.

Kjære amanuensis, du kan gjerne hisse deg opp, eg veit du ikkje likar at ein
usamd med deg. Men du, og desse Nei til EU-veterinærane dine må slutte å
lata som om de er orakel, og kjenner den fulle og heile sanning om
kvasomhelst. Det minner for mykje om kyrkja.

Det fundamentale spørsmålet er ikkje denne krangelen om kven som er
best, kven som går i bresjen, osb. Ein kan omgi seg med postulat og juridisk
krimskrams så mykje ein vil. Spørsmålet handlar om kva slags landbruk ein
skal streba etter, og denne debatten må gå på tvers av landegrenser.
Nordmennene ser ikkje ut til å bry seg så mykje om det som går føre seg
utanfor Den Norske Bobla. Slik er det diverre, sjølv om eg midt i
skriftflaumen frå Nei til EU fann treogeihalv linje under titelen "Også EU
forandres"...

"I mange EU-land har det vært heftige debatter omkring mattryggheten, koblet
til en rekke skandaler som vi har sluppet unna på grunn av at vi har hatt
såpass liten import. Norge har en unik posisjon til å bidra til at
forbrukere innad i EU også kan presse på for å få et regelverk for mathandel
som er mer styrt av biologiske forhold enn av kortsiktige økonomiske
interesser"...

Eg har visst det lenge, men har ikkje tort å seia det: Europa treng Noreg
for å forstå sitt eige beste, og å lære seg å ta vare på helsa...

=A0
Oddmund Garvik