Blir_det_slutt_på_eggedosis_17._mai=3F

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Fri, 30 Oct 1998 16:54:22 +0100 (MET)

Det er synd å måtte bryte inn i debatten om unge gutar som skyr
skjønnlitteratur.

Trygg mat-lobbien er på offensiven att med utgreiingar om kor flinke
nordmennene er til å passe på den norske maten sin, og om kor upålitelege
utlendingane er som sender giftig og forureina mat til dei snille,
uskuldige, rettferdige, gode landsmennene i den lyseblå, norske bobla - Det
Norske Fedrelandet (DNF).

Eggedosisspesialisten på Mørekysten har sett segl, og vil no ut og frelse
DNF frå framande bakteriar og smittestoff. Dette føyer seg inn i den gamle
gnorske leveregelen, borte bra, heime best.

Politiinspektør Rynning-Tønnessen i Bergen var ein annan eggespesialist. Han
skvisa unge rabulistar i okkuperte hus medan han proklamerte at "for å lage
omelett, må man knuse egg". Eg kom likeins til å tenkje på Anders Lange som
på sitt vis også var ein eggespesialist av det reaksjonære slaget. Eg hadde
den perverse gleda av å drikke eit glas med han ein gong, men kom til å
velte både eggelikør og kaffi over bukselåret til den gamle hundevenen. Det
hadde nok ikkje hjelpt stort å velte kaffikoppen over Staurset, eller andre
i klikken hans. Heller ikkje å kaste egg etter dei. Rotne utanlandske egg
fulle av salmonella og antibiotikaresistente bakteriar. Det er lite ein kan
gjera med slike folk. Dei er i slekt med kvarandre utan å vita om det. Dei
reaksjonære, bakstreverske eldsjelene som heng på seg forskjellige
frakkar, og med uskuldige augo proklamerer at alt dei gjer, er til folket
sitt beste...

Dette gnålet om å bevare den nasjonale folkehelsa er berre eit påskot. Ingen
er mot god folkehelse. Det er ikkje ei spesielt "progressiv" kampsak.
Korleis kan ein få det til å bli ei nasjonal "kampsak"? Korleis kan ein tru
at kvart land aleine kan ta seg av dette? Det ville vera meir framtidsretta
å vende augo bort frå den kvite navlen, og interessere seg for folkehelsa i
verda, i staden for å hylle grensekontroll, proteksjonisme, og breie seg med
nasjonalt hovmot. Alle er opptekne av folkehelse. Alle vil overleve. Men
livet og verda er farleg same korleis ein snur og vender på det.

"Trygg"-manien og bakteriefobien har opphavet sitt i rike, protestantiske,
anglosaksiske samfunn, der livet er blitt forflata og innhaldslaust. Der dei
kommersielle gudane har teke over styringa. Dansen rundt gullkalven
("stresset") har gjort innbyggjarane i desse landa blinde
("deprimerte"/"sinnssjuke"). Det er godt å ha "gode", "rettferdige" saker å
kjempe for. Dei rike nordistane, med USA i spissen, freistar å lære oss
andre om kva som er rett og gale, men dei hoppar over logikken, og gløymer
alltid å feie for si eiga dør.

Det er ikkje mange her på forumet som klarer å sjå gjennom den sekteriske,
nasjonalsjåvinistiske og -romantiske skodda. Karsten Johansen hadde eit
ypparleg innlegg her om dagen, men ingen har funne det bryet verd å svare.
Det er best å teie han i hel. Det er meir interessant å utbrodere temaet:
"Unge gutter skyr skjønnlitteratur". Staurset sa han ville svare, men at han
hadde "lite tid til å skrive her no, fordi EU-saker endeleg får plass og
sendetid på viktigare fora enn dette". Halleluja. Trond Andresen har pønska
ut at "EØS-avtalen kan sies opp!", og kjem trekkjande med idealsamfunnet
Sveits...

Det er vanskeleg å diskutere med dei sjølvrettferdige. Det er som å diskutere
Gud, eller Jehova med predikantar, eller alkohol i godtemplarlosjen. Slik er
det med mykje av den "progressive" motstanden i Noreg. Perspektivet er
innsnevra og nasjonalt, med alle dei farar som ligg i den nasjonale gjørma.
EU-motstanden som førte til eit norsk kvasimedlemskap i den Europeiske
Unionen (utan stemmerett) er eit godt døme, og no held dei altså fram som om
det var mogleg å leve aleine i verda.

Kampen for betre livsvilkår må gå over landegrensene. Finanskapitalen er
internasjonal, det må også det antikapitalistiske arbeidet vera. Det fører
ingen stad å sitja på kvar sin stein og spytte i graset som gode
heimfødingar, og vera stolte av kor flinke ein er til å forsvare seg sjølve.
Den slags "argumentasjon" blir berre glorute, og minner for mykje om andre
tider og anna "nasjonalt" sludder.

Oddmund Garvik