Nei til EU aukar presset på regjeringa

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 26 Oct 1998 14:55:55 +0100

Nei til EU aukar presset på regjeringa

På rådsmøtet i Nei til EU laurdag 24.10. var det hardt press mot
regjeringa p.g.a. veterinæravtalen. Sjå reportasje i Aftenposten i går
(http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/d56953.htm) og intervju med
Anne Enger Lahnstein i dag
(http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/d57034.htm).

Av den første reportasjen går det fram at assisterande generalsekretær i
Sp synest det er for lite press nedafrå: "Forøvrig klaget Dahle over at
det var for få av Sp.s medlemmer som hadde sendt sinte brev til
partiledelsen om denne saken."

Dette bør vi ta på ordet. Alle Sp-medlemmer bør skrive brev - ikkje
sinte, men alvorlege - til partileiinga. Det same bør medlemmer av andre
parti gjere, særleg regjeringspartia, for regjeringa har eit særskilt
ansvar i denne saka.

I Møre og Romsdal har Nei til EU og Trygg mat-alliansen kvar for seg
sendt opne brev til statsrådane og til nokre stortingsrepresentantar.
Sjå http://home.sol.no/~okvalhei/Nteu/OpentBrev.html og
http://home.sol.no/~okvalhei/Tryggmat/OpentBrev.htm .

Lars Staurset