Re: det er synd for overklassen

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Wed, 7 Oct 1998 20:25:02 +0200 (MET DST)

06/10/1998 skreiv Karsten Johansen:

<klipp>
>Overfor alt dette vrøvlet vil jeg bare peke på ett vesentlig faktum, som de
>fleste overser: I land, hvor det at en regjering felles, fører til valg,
>blir forandringene som regel likevel forbløffende små.
<klipp>

Så små at det i Frankrike t.d., der "La Gauche Plurielle" (Sosialistpartiet,
Kommunistpartiet, og dei Grøne) har sete ved makta sidan Jacques Chirac
oppløyste parlamentet våren 1997, har vore svært lite nytt å melde. Deler av
dette "mangfaldige venstre" utgjer eigentleg eit nytt republikansk høgre,
eit slags samansurium av populisme og sosialdemokratisk "sentrumspolitikk".
Det tradisjonelle høgre lidde eit blodig nederlag, er meir og meir splitta,
og er i ferd med å drukne. Dei ekstreme høgrekreftene seglar opp nok ein
gong. Ein ser tilsvarande tilstandar i England, og no også i Tyskland.

Det er framleis eliten som styrer. Dei har gått på dei same skulane, dei har
kjent kvarandre i mange tiår, dei lever det same livet, dei er solidariske.
Det "politiske" spelet gir inntrykk av at det finst ulike alternativ, ulik
politikk. Men hjå desse "folkevalde" er kjærleiken til makt og karriere
viktigare enn politikken.

Framleis disponerer 10% av dei franske husstandane (2,2 millionar) 53% av
formuen i landet, 14 000 milliardar franc, dvs. ti gonger det franske
statsbudsjettet. Det finst ei hard kjerne på 174 000 familiar, dvs. 0,8% av
husstandane, som eig 8,2% av nettoformuen i landet, dvs. 2 000 milliardar
(der 60% utgjer finansmidlar, -aktiva). I gjennomsnitt har altså desse få
11,5 millionar franc i formue, ujamt fordelt mellom dei "fattigaste" med 4,8
millionar og den rikaste, Mme. Bettencourt (L'Oréal), med 65 milliardar.
Berre det siste året gjekk formuen til Mme. Bettencourt opp frå 42 til 65
milliardar franc, dvs. 63 millionar pr. dag... Serge Dassault (fly- og
våpenindustri) kunne etter at "venstrekreftene" kom til makta auke formuen
sin med 170%, til 38,5 milliardar franc, osb., osb.

Litt mindre enn 4% av den akkumulerte rikdommen til dei 225 rikaste i verda
ville vera nok til å gi alle verdsborgarar tilgang til grunnleggjande behov,
og elementære sosiale tenester (helse, utdanning, mat). Det var konklusjonen
i den årlege FN-rapporten om utviklinga i verda. Desse 225 største formuene
utgjer til saman 1000 milliardar dollar, og tilsvarer dei samla
årsinntektene til 47% av dei fattigaste i verda, dvs. 2,5 millardar menneske.

Statistikkar brødfør diverre berre dei som lagar dei, ikkje dei som lir
under dei. Klassekampen er kanskje tilslørt, og det finst ikkje noka
oppegåande venstreside. Ultraliberalismen har vind i segla enda kor dødsdømt
han er, og fascismen sjølvsagt. Fascismen som alltid har gode kår i
tider då ropet på syndebukkar døyver all annan tale. Samtida smiler til
overklassen. Alt er "normalt". Sjølv krisene er normale. Karl Marx hadde
rett, men kva faen gjer etterkomarane?

Oddmund Garvik
.......
Oddmund Garvik
<garvik@wanadoo.fr>