Re: Internett og inflytelse på bedrifter (kronikk)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 05 Oct 1998 11:04:56 +0200

Trond Andresen wrote:
> Det er i dag en smal (og billig) sak for et hvert firma over en viss
> størrelse å innfri et pålegg om å ha en e-post-adresse som man kan henvende
> seg til, og et nettsted hvor innspill og kritikk legges ut for
> offentligheten.

Tankane er interessante, men det er nærliggande å komme med eit par
innvendingar:

- Dersom desse nettstadene skal vere usensurerte (umodererte), korleis
hindrar ein at sjikane, ærekrenkingar, rasisme og generelt straffbare
ytringar kjem fram (jfr. røynsler frå KK-forum)?

- Det er rimeleg å tru at slike nettstader vil innehalde meir negativ
enn positiv kritikk, slik at eigarane (bedriftene) vil oppleve dei som
ei belastning. Kva hindrar dei i å sensurere eller fjerne innlegg dei
ikkje likar, eller stoppe heile tenesta, og skulde på tekniske vanskar?
Også her viser eg til røynsler med KK-forum; eg mistenkjer ikkje
administrator her for å drive med slikt, men ei bedrift som skal tene
pengar, kunne jo bli freista til det!

TA foreslår "et egnet regelverk, med f.eks. forbrukermyndighetene som
håndhevende instans". Kunne eit alternativ vere at Forbrukarrådet eller
ein annan nøytral instans driv slike nettstader? Dei har jo alt no ei
slags uthengingsspalte i F-rapporten.

Lars Staurset