"Fragmenterende innretninger"

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 28 Aug 1997 15:38:31 +0200

No er det ei stund sidan forumet fekk bidrag i serien om maktspråk, men i
dag har Forsvaret kome med eit sterkt eit.

Noreg går offisielt inn for eit internasjonalt forbod mot anti-personell-
miner. Likevel held Forsvaret fram med å kjøpe slike, men kallar dei
"fragmenterende innretninger". I følgje radioprogrammet "Her og nå", som eg
høyrer på i skrivande stund, kan desse minene brukast både med og utan
snubletråd. Utan snubletråden fell dei visstnok utanfor forbodet, og
Forsvaret hevdar at det er berre slik dei skal brukast, men det er uklårt
om snubletråden fysisk er fjerna eller om han er pakka saman med minene og
lett kan monterast ved bruk.

Det er nærliggande å spøke med ordet "snubletråd" her, men saka er først og
fremst alvorleg. Det beste ein kan seie, er at Forsvaret oppfører seg
klønete, slik at mineforbodet blir uthola. Det er nok av andre land som har
"gode" grunnar til at akkurat deira bruk av miner ikkje skal forbydast. At
forsvarsleiinga slett ikkje ønskjer noko forbod, skal ikkje eg antyde. Vi
får sjå om dei ryddar skikkeleg opp, i det minste med å øydeleggje alle
snubletrådane.

Saka minner om den norske haldninga til CO2-problemet. Der skal ein også gå
inn for ein avtale, samstundes som det er mange om og men fordi Noreg har
ein "spesiell" situasjon som alle må ta omsyn til. Resultatet kan også her
bli ein dårleg avtale (eller ingen avtale).

Lars Staurset