Nei til EU i valkampen

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 28 Aug 1997 08:37:29 +0200

Møre og Romsdal Nei til EU sender no ut våre eigne plakatar og flygeblad,
som vi ber lokallaga bruke på stands o.l. Vi sender også prøver til fri
bruk til dei andre fylkeslaga.

Det er i alt 6 plakatar og 4 ulike flygeblad. Flygeblada har ein forminska
versjon av ein plakat på framsida og utfyllande tekst inni. Baksida er
felles for alle, og minner om kva ein del ja-folk sa i 1994.

Materiellet har ei enkel utforming, for vi har ikkje hatt tid og ressursar
til å lage noko avansert. Vi meiner at bodskapen er klår og skarp, og så
langt har vi fått ros frå Anne Enger Lahnstein og Erling Folkvord. Her er
to eksempel på plakattekstar:

Ap, H og FrP går inn for fri flyt av helsefarlig mat!
- Grensekontrollene fjernes.
- Det skal bli enklere å importere levende dyr og kjøtt.
- Flere vil bli syke. Veterinærene frykter en vesentlig økning i antallet
matbårne infeksjoner.
- Økt bruk av tilsetningsstoffer vil gi flere mennesker allergi.
- Fare for spredning av farlige dyresykdommer, bakterier, virus og
kugalskap til Norge.

Ap, H og Frp lar norskekysten bli yttergrense for EU!
- Ap, H og Frp melder Norge inn i EUs politisamarbeid.
- Grensene åpnes mellom landa. Kriminelle får passere uten kontroll.
- Flyktninger fra andre land stenges effektivt ute.
- Et stort datasystem bygges opp uten personvern.
- EU skal bestemme når og hvor norske fiskebåter får gå til havn.
- Saka skal opp på nytt etter valget. Hvem får din stemme?

Når vi formulerer oss slik, er det fordi vi ser at denne valkampen kan ende
heilt katastrofalt. For å nå fram til veljarane, vil vi setje namn på
motstandarane våre, ikkje lage uklåre rebusar som "ja-partia" o.l. Mange
veljarar er opptekne av mat og helse, men veit kanskje ikkje kven som sit
på Stortinget og stemmer for dårlegare kontroll. Det prøver vi å fortelje
dei.

Vi har også sett at ord som "EU" og "Schengen" skaper ein spesiell reaksjon
hos mange menneske. Dei er leie av desse orda, og ønskjer ikkje å høyre meir
om slikt. Derfor prøver vi å dra fram konkrete eksempel på kva Ap, H og Frp
gjer, og bruke desse orda så lite som råd.

No hastar det, for tida er kort fram til valet, og alle EU-motstandarar må
vakne. Synest du opplegget vårt er brukande, så ta kontakt med Nei til EU-
laget ditt (evt. fylkeslaget) og be dei skaffe materiellet. (Er du ikkje
fornøgd med det vi har gjort, så står du fritt til å forbetre det, men pass
tida.)

For nærare opplysningar, kontakt underskrivne (gjerne e-post, eventuelt tel.
71 25 39 92 p, 71 25 84 93 a), fylkesleiar Ole Ø. Kvalheim (71 24 10 31,
mobil 942 86 794) eller valkampsekretær Johs. Bae (71 52 46 80).

Lars Staurset