Hagen-show stoppa av Raud Ungdom og Raud Valallianse!

Tomas Bertelsen (tomasbe@stud.ntnu.no)
Wed, 27 Aug 1997 14:33:46 +0200 (MET DST)

"Hagen-show" stoppa av RV og RU.
***************************

Etter initiativ frå administrasjonen på Malvik Vid.Skole i
Nord-Trøndelag, var Carl I.Hagen invitert til å holde eit halvtimes
foredrag om "Stortinget som arbeidsplass og demokratisk institusjon" til
alle elevane. Dette foredraget skulle skje umiddelbart før skuledebatten.
Vi i Trøndelag Raud Ungdom ville ikkje akseptere at ein enkeltrepresentant
for eit politisk parti skulle få ein halvtime åleine foran alle elevane,
så vi trykte opp fleire hundre boikott-flygeblad som vi planla å dele ut
til elevane ved skulestart.
Då vi kom til skulen i dag tidleg, hadde imidlertig situasjonen endra seg.
Etter ein faks frå Peder Martin Lysestøl (frå RV i Trondheim) til
fylkesrådmannen i Nord-Trøndelag, tok administrasjonen til fornuft og
stoppa Hagens forsøk på valfusk. Ein RU-er overhøyrde Hagen sitt utspel
til media, (som var godt representert ved skulen - naturleg nok!) kor han
inntok martyr-rolla glimrande, og hevda seg politisk forfulgt gjennom å
hevde at fylkeskommunen dreiv sensur overfor FrP.
Dette utsegnet kunne vi ikkje la uimotsagt, og ein RU-er diskuterte
situasjonen med Hagen (foran pressa), kor vi meinte at dette utelukkande
var eit spørsmål om ytringsfridom og rettferd, og at Hagens klager var
fullstendig grunnlause. "Vi meiner sjølvsagt at Carl I.Hagen skal få spre
politikken
sin til alle som vil høyre på han, men når dette skjer like før ein
skulevalsdebatt øydeleggjer det eit nøytralt og rettferdig val." Hagen
møtte denne påstanden med latterleggjering, smil og hoderisting, og
vendte ryggen til RU-aren.
(Dette kan sjås på TV-Norge i kveld kl.18.00)
RU-aren fekk etter dette truslar frå lokale FrP-arar, om at viss RV og RU
forsett med ei slik behandling av FrP ville dei "gjere det vanskeleg for
oss å dele ut materiale i Malvik i framtida". Kvar og ein får tolke dette
som ein vil...
I tillegg til alt dette laug rektoren ved skulen til pressa, då han hevda
at han ikkje visste noko om kva som skulle skje, for kvelden før kunne han
bekrefte til oss at Carl I.Hagen skulle halde dette foredraget. Då
rektoren vart møtte med våre påstander om at dette ville ha innverknad på
skulevalet, meinte han at "han ikkje på nokon måte kunne sjå at dette
hadde noko med politikk å gjere; Hagen skulle berre informere elevane om
korleis Stortinget fungerar, så dette ville ikkje ha nokon politisk
konsekvens." Som kjend oppfattar folk Stortinget forskjellig (!) så denne
påstanden var ganske hårreisande, og vitna om særs mangel på politisk
medvit.
Altså : Sjå Hagens sleske smil på TV-Norge i kveld kl.18.00, og les
Malvikposten i morgon!

Med helsing, Tomas Bertelsen, Trøndelag RU

---------------------------------------------
Tomas Bertelsen
emale:tomas@feskar.net
Crappy homepage at www.stud.ntnu.no/~tomasbe
* * * * * * *
---------NoSolutionButDaRevolution-----------