Re: Opprør og felles front med Fr.P-egoismen

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 26 Aug 1997 09:38:57 +0100

>Hvor er landets kunstnere, miljøaktivister og studenter, spør Erik Solheim.
>Han vil ha opprør mot Fremskrittspartiets autoritære og egoistiske
>samfunn, og ønsker en folkelig og politisk aksjon for å isolere Fr.P. i
>Norge. Det inkluderer et bredt samarbeid mellom Arbeiderpartiet,
>Senterpartiet, SV og RV.

Hmmm... etter det oppslaget eg har sett i media, så skulle "breifronten"
berre inkludera SV/Ap/Sp - i alle høve i følge Øystein Djupedal i
S-Trøndelag SV.

Eg er for ein "breifront", men då må han vera mot ein type POLITIKK som vi
kan einas mot, ikkje berre mot "Frp-isme". Dette gjer at eg meiner det er
feil å inkludera Ap i fronten, av di eg meiner at dei og Frp i mange saker
står for det same, med den forskjell at Frp er "råare" og at Ap i motsetnad
til Frp har makt til å gjennomføra politikken sin. T.d. kan ein spørra kven
det er som:
-legg ned postkontor
-liberaliserar telemarknaden så det vert dyrt å ringa frå distrikta
-innfører "arbeidslina"
-står for "solidaritetsalternativet" (alternativ til solidaritet)
-er hovuddrivkrafta bak EU-tilpassinga av Noreg
-fører ein av verdas strengaste flyktningepolitikkar

...og lista kan gjerast lenger. Problemet med den "hovudmotseiinga" som
vert skapt av norske media og DNA mellom Ap og Frp er at Ap har INGEN
legitimitet når dei kritiserar Frp. Folk er ikkje dumme, dei ser at det er
Ap som driv den råtne politikken dei kjenner på kroppen kvar dag.

Nei, ein "front" av denne typen må etter mitt syn byggja på Nei-sida i
politikken, av di det er vi som har stått mot mykje av denne utviklinga i
praksis.

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------
=02