RE:_Web-abonnement_på_avisa_KK=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 16 Jul 1997 11:50:17 +0200

Trond Andresen skreiv 16. juli 1997 09:46:

>Derfor vil det heller
>ikke være noen katastrofe om Web-KK skullle utebli en dag eller to, så lenge
>dette inntreffer med noen ukers mellomrom. Så IT-ansvarlig trenger ikke rykke
>ut med blålys.

Kanskje har Trond rett. Dersom abonnementet har atterhald om at
web-avisa når som helst kan bli 1-2 dagar forseinka, så har jo
driftsavdelinga ein viss sjanse til å greie det.

Ei anna sak er om abonnentane (utanom Trond) vil godta ein slik sørvis.
Internett er eit medium for rask respons (samanlikna med distribusjon av
papir). Dette ser også ut til å gjelde for reint elektroniske
nyheitsblad, som ein kan samanlikne dette med. Brukarane (abonnentane)
venner seg til at det skal vere slik.

>For uansett din skepsis, Lars: Dette
>*er* ingen stor jobb! Og det er heller ikke en type prosjekt hvor vedlikehold
>og feilsøking skulle kreve mye tid. Kan Lars forklare hva i all verden det
>skulle være ved dette som skulle gjøre det ressurskrevende?

Nei, eg kan ikkje nok om dette til å svare konkret, og eg påstår heller
ikkje at opplegget er *spesielt* ressurskrevjande. Problemet for Omid
&co blir vel at det kjem på toppen av alt det andre dei strir med.

Ut frå generell røynsle med it-drift kan eg tenkje meg følgjande:
Når vakthavande har starta produksjonsskriptet og gått heim (dette er
vel om ettermiddagen eller kvelden, etter at papirutgåva er ferdig), vil
det som regel gå bra. Nokre gonger oppstår feil. Dei kan gjere at
produksjonen stoppar opp eller at produktet (web-avisa) blir
ufullstendig. I verste fall kan dei også gå ut over annan produksjon på
data-anlegget.

Feil kan oppstå sjølv om produksjonssystemet for web-avisa i seg sjølv
skulle verke perfekt (noko dei færraste system gjer). Årsakene kan
finnast i kvaliteten på datautstyret, og av innlegget frå Omid forstår
eg at den ikkje er på topp.

Feil bør oppdagast og rettast så snart som muleg. Nokon må kontrollere
loggen eller produktet, seinast morgonen etter. Avhengig av type feil må
passeleg ekspertise varslast. Alt dette tek tid, som kan reknast om til
pengar. Den gode hjelparen som har laga systemet, kan sjølvsagt gjerne
stille opp gratis, men ein kan ikkje vente at han/ho/dei gjer det i
arbeidstida si.

>> Når dette er sagt, vil eg gjerne rose Trond for eit framtidsretta
>> forslag, og eg håpar det kan gjennomførast på ein eller annan måte.
>
>Takk for det, Lars, sjøl om jeg stusser litt over kontrasten mellom dette og
>det du sier ellers i innlegget ditt!

Misforstå ikkje: Eg er ikkje mot forslaget ditt; tvert om synest eg
ideen er god. Eg ønskjer berre ein gjennomtenkt opplegg, særleg med
realistiske overslag over utgiftene, slik at dette ikkje blir ein
nakkeknekkar for avisa.

Lars Staurset