MC-bandar

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Tue, 24 Jun 1997 10:44:40 +0000

INNLEGG TIL KK:

LOV OG ORDEN

Ove Bengt Berg tek i sin kronikk tysdag opp spørsmålet om korleis
venstresida skal stilla seg til "MC-krigen" og dei tiltaka staten
ynskjer å setja inn mot MC-gjengane. Dette trur eg kan vera på tide,
etter å ha sett desse mafia-liknande organisasjonane bli omtalte som
"mannskollektiv" som mest av alt treng å gå i seg sjølv og liknande.

I utgangspunktet meiner eg Berg har rett; lov og orden er ikkje
reaksjonært eller autoritært, det er eit folkekrav. Ei venstreside
som avviser krav om lov og orden, anten det er av omsyn til individas
fridom eller fordi Staten Er Ond, er ei mislukka venstreside som
aldri kjem til å vinna fram. Så langt er eg altså samd med Berg.

Men når han går til åtak på KK si dekkjing av MC-saka og avviser ALT
som er skrive og meint (ser det ut til), heng eg ikkje med lenger.
Etter det eg hugsar har ein av dei viktigaste vinklane til KK i denne
saka vore spørsmålet om innføring av romavlytting og liknande. Og den
kritiske vinkelen er: Det er fåre for at staten utnyttar ting som
MC-krigen til å innføra autoritære og udemokratiske lover og reglar
som vil bli brukt til politisk overvaking i neste omgang. Dette, at
staten kan få folkeleg oppslutnad om antidemokratiske tiltak, har
alltid vore eit problem ved terrororganisasjonar som RAF og valdelege
bandar som Hells Angels. I dette spørsmålet har KK, etter kva eg har
fått med meg, gjort ein god jobb.

Det kan godt vera at det ville vor meir lettfatteleg og vekkja meir
åtgaum i "folket" om venstresida gjekk i spissen for innføring av
alle slags tiltak mot MC-bandane, heilt utan kritiske atterhald for
tiltak som kan få fylgjer for den politiske fridomen i landet. Men ei
sosialistisk analyse av kva staten er for noko, tillet ikkje ein slik
lettvint populisme. Og etter Lund-rapporten skulle det vel ikkje vera
heilt umogleg å vinna ein viss oppslutnad om at staten er ei maskin
vi må vera ytterst kritiske til, ikkje minst i spørsmål om
overvaking?

Magnus Engen Marsdal
--- P t o t h e P ---