Nei til EU-strategi, del 2

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 23 Jun 1997 09:01:27 +0200

Kva ønskjer nei-sida å oppnå? Nokre mulege målsettingar kan formulerast slik:
- Å halde Noreg utanfor det formelle medlemskapet i EU
- Å unngå tettare tilknyting til EU, men godta (meir eller mindre motvillig)
dei ordningane som gjeld no
- Å løyse på banda til EU, spesielt seie opp EØS-avtalen, slik at den gamle
handelsavtalen (med justeringar) blir grunnlaget for forholdet til EU

Andre slags målsettingar kan ha vekt på miljø, utjamning og for den saks
skuld klassekamp. Slikt kan nok også store delar av nei-sida vere samde om,
men det høyrer meir heime i generelle partiprogram enn i ein
samarbeidsorganisasjon ("front") som Nei til EU.

Den første målsettinga er alle på nei-sida samde i, pr. definisjon. Ser vi
berre på meiningsmålingar og gløymer dynamikken i tilpassingspolitikken, ser
det ut som vi har kontroll over den saka.

Den andre målsettinga er grovt sett programmet til "pinsevennene" - det
påtenkte regjeringssamarbeidet mellom Sp, KrF og V. Ei regjering som skal
gjennomføre dette, må sjølvsagt ha fleirtal for det i Stortinget, ellers vil
ho bli kasta av ja-partia ved første veto.

Kor realistisk dette er, kan diskuterast; det krev iallfall full innsats i
valkampen frå alle som meiner noko med å vere mot EU! Vi har heller ingen
ting å tape på det. Berre det å få EU-motstanden fram att på den politiske
dagsordenen, er kolossalt mykje verd. Sjølv om vi ikkje når målet om
regjeringsskifte, vil ei stor nei-gruppe på Stortinget og auka kamp om saka
dempe den råaste tilpassingspolitikken noko.

Den tredje målsettinga stiller store krav til nei-sida. For tida har vi ikkje
politisk styrke til å gjennomføre noko slikt. Vi kan dokumentere mange
skadeverknader av EØS-avtalen, og etter kvart vil vi få det av Schengen-
tilknytinga, men det er svært langt fram før vi har ein opinion som krev
endringar. Her står det att mykje informasjonsarbeid!

Berre det å få EØS-utmelding på dagsorden, vil føre til truslar om
kapitalflukt og få mange til å vakle. Regjeringa visst godt kva ho gjorde då
ho opna for kapitalflyt over grensene, som del av EF-tilpassinga (ca. i
1991?).

Ei nei-side på offensiven vil også møte spørsmål om andre ordningar, som WTO
og MAI. Skal vi vere mot "EU-like" ordningar som kjem frå anna hald enn EU?
Det er lett nok å svare "ja, sjølvsagt må vi det for å vere konsekvente". Men
dersom dette fører til at vi misser kontakten med dei vi skulle vere allierte
med, har vi kanskje ikkje oppnådd noko.

Konklusjonen min (så langt) er at vi har mykje praktisk arbeid framfor oss,
som vi må gjere sjølv om vegen vidare er uklår. Stå på for nei-partia i
valkampen, sjølv om du kanskje ikkje føler deg knytt til noko bestemt parti!
Sprei informasjon om EØS og Schengen! Meld deg til teneste for Nei til EU-
laget ditt!

Lars Staurset