RE:_"Eufemisme-dugnad"_på_KK-forum

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 19 Jun 1997 07:57:15 +0200

God ide. Her er eit bidrag til:

"Prioritere" = snakke høgt om. Innført og brukt av politikarar og
journalistar om eldreomsorg, barnefamiliar og andre saker som
veljarane likar å høyre om. Ordet blir aldri brukt om saker som er så
"viktige" at dei berre "må" gjennomførast, slik som storflyplass og
grensestasjonar til Schengen (berre vent og sjå!).

Lars Staurset