Snart takk og farvel til KK-forum?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 17 Jun 1997 21:59:51 +0200

Sett at ein eller annan ein eller annan ønskjer å øydelegge KK-forum. Kva for ein
framgangsmåte er mest effektiv:
- Ignorere det? Hjelper ikkje så lenge det finst andre som er interesserte.
- Skjelle det ut som venstreorientert og ukontrollert? Nyttar ikkje, alle
deltakarane ville gå i forsvar.
- Kjøre det i senk økonomisk, teknisk eller byråkratisk? Kanskje.
- Pøse på med innlegg om kven som sa kva for 15 eller 100 år sidan
Lovande.
- Hisse deltakarane opp slik at dei blir sure og sinte på kvarandre? Garantert
suksess!!!

Alvorleg tala, no er det fleire som må skjerpe seg. Eg skal ikkje nemne namn
her, men derimot nokre ord som finst i ein del innlegg: bullshit, dass,
hersketeknikk, hylekor, insinuasjon, kverulant, loddrett løgn og forbannet
dikt, manipulasjon, meningsterror, moralisering, patetisk, snever, sutring,
tryne osv.

Dette er ord som debattantar her på forumet bruker om *kvarandre*, ikkje for
å karakterisere borgarskap og media som vi veit er mot oss. Har dei nokon ide
om korleis slik språkbruk verkar? Då tenkjer eg ikkje på dei som orda er retta
mot (dei som stikk hovudet fram her, toler vel litt), men på alle andre som
følgjer (eller følgde) med på forumet. Dette er jo verre enn MOM-sida i
Arbeiderbladet (trur eg, har ikkje lese den på mange år).

Somme har attpåtil mage til å skrive "vennlig hilsen" under innlegg i denne
stilen. Det gjer det ikkje betre, snarare tvert om.

Skal dette forumet bli ein respektert møtestad for radikal debatt, trengst det
ein annan tone. Eg vil be dei som bruker slike ord om å tenkje seg grundig om
før dei trykker på Send-knappen. Må dei fornærme nokon, så kan dei gjere det i
privat e-post, ikkje kringkaste det til heile verda!

Det trengst også andre tema i debatten. Det ser ut til at det som engasjerer
mest her, er dei sakene som har minst relevans til dagleglivet og den politiske
kampen. I så måte er forumet ikkje betre enn dei utskjelte kultursidene i ei
viss avis. Standardsvaret på dette er å skrive om andre tema sjølv, men det
fungerer ikkje. Eg har prøvd fleire gonger utan å få til noko debatt, og det
kan ikkje vere berre fordi eg skriv dårleg. Er f.eks. glideflukta inn i EU
heilt uinteressant for venstreradikale?

Sjølv kjem eg kanskje til å følgje med på KK-forum endå nokre veker, men så er
det slutt for min del dersom det ikkje blir betre. Kan nokon tipse meg om eit
seriøst forum for EU-motstanden?

Lars Staurset