Re: silikonpuppens tidsalder

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Jan 14 2000 - 13:58:32 MET

  • Next message: Jon Michelet: "Ottar og Klassekampen"

    Le ven, 14 jan 2000, Trond Andresen a écrit :
    > At 23:51 13.01.00 +0100, Anders Ekeland (og Skullerud) wrote:
    >
    > >Hvis ikke KK trykker dette, men enda en teit NTB melding da skjønner ikke
    > >avisa seg ikke engang på biznizz. Dette er strålende og gratis.
    >
    > Enig! Heia Karsten!

    Karsten,

    Nok ei god melding frå din kant! Eg har sans for enkelte av orda
    dine...sjakaldemokrat er ein glitrande metafor. Bravo!

    Eg har diverre kasta bort tida i ørkeslause diskusjonar att, men det skal det
    bli slutt på.

    Eg seier "Merde!!!"

    Sant å seia gir eg ein blanke i om avisa Klassekampen forsvinn, når det skal
    vera slik. Eg les ho berre sporadisk kvar gong ein kamerat sender ei bunke
    av "gamle" KK og Dag og Tid. Eg vaks opp med Dag og Tid, og har framleis stor
    sans for den avisa. Foreldra mine abonnerte frå første nummer av.
    Klassekampen har eg ikkje abonnert på sidan 1980, om eg minnest rett... Det er
    vel best å halde kjeft, og lata dei styre skipet sjølve.

    Alle aviser hamnar som sagt i flammehavet til slutt. Vintrane blir mildare og
    grønare, men peisane står der som minne om andre tider. Eg klamrar meg meir
    og meir til slike minne. Det kan hende eg kuttar ut datamaskina ein dag, og
    konsentrerer meg om heilt andre ting.

    Eg bur oppe i ei skråning ovafor staden der rue Diderot går over i rue
    Jean-Jacques Rousseau i landsbyen vår. Her om dagen byrja eg å lesa om att
    "Discours sur les sciences et les arts". Tankeverksemda har ikkje utvikla seg
    noko som helst sidan Rousseau skreiv teksten for 250 år sidan.

    Eg bur i eit kråkeslott der deler stammar frå 1500-talet. Under stormane i
    julehelga fall moderne hus overende, (og 330 millionar tre). Kråkeslottet blei
    ståande. I november var det eit jordskjelv her (3,2 på Richterskalaen).
    Slottet skaka, men blei ståande. Det er jordskjelv om lag ein gong kvart
    tiande år.

    Det er ikkje komfortabelt å bu i eit gamalt kråkeslott, men kva er no
    "komfort" i dag anna enn øyding av ufornybar energi, rasering av natur,
    kulturminne og intelligens? Lat livet vera litt "tungvint", så gløymer ein
    kanskje ikkje at det er til for å levast. Den eksistensen mange har lete seg
    fange inn i, som dei kallar "liv", er ikkje anna enn flukt frå døden.
    Ventetid i bilar, i køar framom kasseapparat, framom tv-skjermar og
    datamaskiner.

    Ein kan ikkje vente at det kjem mykje livsglede og entusiasme ut av slikt.
    Heller ikkje mykje intelligens, og slett ikkje noko vakkert.

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Jan 14 2000 - 15:22:24 MET