SV: Ei framtid utan Klassekampen?

From: Gudmund Valderhaug (gudmund.valderhaug@hordarkiv.hl.no)
Date: Mon Jan 03 2000 - 08:21:56 MET


Eg konstaterer at Pål Steigan og andre har
1) sagt seg einige i "mykje" av det Arne Apold skriv (kva betyr "mykje" i
denne samanhengen? Kan eg be om ei konkretisering?)
2) for å bruke resten av innlegga sine på Trond Andresens innlegg.
Dermed forsvinn debatten om kvaliteten til avisa Klassekampen, og vi får
ein repetisjon av krangelen om eigarsitsen - utan at det kjem fram noko
nytt... Jaja, kvar si lyst.

Eg trur at det avgjerande spørsmålet når det gjeld framtida til
Klassekampen nett no, er at avisa er for dårleg. Dei fleste av
journalistane held ikkje mål - avisa har ikkje klart å byggje seg opp att
etter årelatinga i samband med redaktørskiftet. Dei av oss som var kritiske
til det som skjedde den gongen, men som likevel ville gi avisa ein ny
sjanse, er i ferd med å misse tolmodet. Vi kunne akseptere ei for dårleg
avis i eitt år og kanskje endå lenger - men det finst sjølvsagt ei grense.
Dersom Klassekampen ikkje blir betre i løpet av våren, vil den miste mange
abonnentar.

Det er forstemmande å lese Erik Ness skrive at Klassekampen er landets
beste avis, sjølv om det ikkje akkurat var overraskande at denne
besvergelsen kom i frå han... Slike utsagn fungerer kanskje til intern
oppbygging, men vil neppe bidra til å gjere avisa betre. Klassekampen tar
det "korrekte standpunkta" i mange saker, problemet er at desse standpunkta
svært ofte blir formidla på ein drepande kjedeleg måte - for min del les eg
ikkje avisartiklar for å få bekrefta det eg veit frå før - eg vil ha "mat
for tanken", som Roald Helgheim sa ein gong.

Gudmund Valderhaug

P.S. Når - eller dersom - Klassekampen blir betre, kan vi ta ein ny
diskusjon om eigarforholda. Det er nødvendig, men nett no er dette eit
underordna spørsmål.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:50 MET