Er KK så dårleg, og kva kan vi gjere med det?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Dec 30 1999 - 15:58:07 MET


Ein ny KK-debatt på tampen av året er kanskje ikkje dumt.

La meg først peike på noko positivt: KK har viktige nyheiter om EU og
WTO, og om korleis norske styresmakter forheld seg til desse
organisasjonane. Anna internasjonalt stoff er også bra, men av og til
litt gammalt. Noko av dette stoffet finst også på Internett og kanskje i
andre media, men med KK slepp vi å leite etter det.

Den konkrete kapitalismekritikken (eller rettare: kapitalistkritikken)
er ofte skarpare i Dagens Næringsliv. Det har sjølvsagt med ressursar å
gjere, og ikkje minst med evna til å tole ei rettssak frå dei som føler
at søkelyset kjem for nær.

Mykje av den konkrete kritikken mot KK som Arne Apold og andre legg
fram, er eg samd i. Anders Ekeland går på ein måte til rota av
problemet, men å løyse det slik han foreslår, er eit langsiktig
prosjekt, med risiko for at avisa går inn i mellomtida. Trond Andresen
si løysing kan vere gjennomførleg dersom AKP går med på det, men eg er
redd dei ikkje har vilje til det før det er for seint.

Kva alternativ har vi KK-brukarar? Eit nytt dagsavisprosjekt på ruinane
av dei gamle trur eg dei færraste vil satse på. Utanom det har vi
sjølvsagt Dag og Tid, Ny Tid, ymse tidsskrift og spesialblad (f.eks.
Standpunkt for Nei til EU-medlemmer). Dei er viktige, men kjem ut for
sjeldan til å gje daglege nyheiter og impulsar. Og så har vi Internett,
som fleire og fleire har tilgang til.

Kan vi sjå for oss eit radikalt og allsidig nyheits- og debattforum på
Internett, til avløysing av papiravisa? Kan det finansierast med ei form
for frivillige abonnentinntekter, kombinert med at ein sparer trykking,
porto og krangel med Posten?

Eit utgangspunkt er at kvar av oss no betaler innpå 2000 kr for året. Så
mykje vil vi vel ikkje betale dersom andre kan "abonnere" heilt gratis,
men kanskje det halve? Kor mange betalande "abonnentar" trengst det for
å drive ein slik nettstad med ein viss kvalitet?

Eit anna utgangspunkt er at det allereie finst mykje bra nyheitsstoff på
Internett, særleg om internasjonale forhold, og i stod grad på engelsk.
Ein del av dette har i år funne vegen til KK-forum, og nådd lesarar som
elles ikkje ville ha funne det (vi har kanskje ikkje tid til å leite).
Ein "nett-KK-redaksjon" kunne ha laga lenker og samandrag, og omsett dei
viktigaste artiklane til norsk. Innanlandsk stoff måtte redaksjonen
sjølvsagt produsere sjølv.

Helsing Lars Staurset

som no koplar seg frå for nokre dagar, takkar for det gamle året og
ønskjer alle ein smertefri overgang til 2000-talet.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:49 MET