SV: Ei framtid utan Klassekampen?

From: Gudmund Valderhaug (gudmund.valderhaug@hordarkiv.hl.no)
Date: Thu Dec 30 1999 - 10:58:03 MET


Arne Apold reiser viktige spørsmål i innlegget sitt, og eg er samd i det
meste. Den siste månaden har eg - på grunn av kluss med leveringa av avisa
- vore utan KK, for første gong på tretti år (bortsett frå feriane). Og eg
har knapt nok savna avisa...

Dette seier sikkert noko om meg, men det seier også noko om korleis
Klassekampen har utvikla seg.
I løpet av det siste året har eg opplevd KK som som temmeleg kjedeleg,
"politisk korrekt" til det uinteressante, og eg har funne meir spennande
stoff i Dag og Tid si eine utgåve i veka enn i KK sine seks.
Likevel abonnerer eg - av plikt eller tradisjon, og fordi eg ikkje unner
visse folk gleda av å sjå KK gå under.
Men det er klart - når eg knapt har merka at KK har uteblitt ein månad, så
er det eit faresignal.

Eg vonar at Arne Apold sitt innlegg kan vere starten på ein fruktbar
diskusjon om korleis avisa kan utvikle seg, sjølv om Steigan sitt svar til
Trond Andresen kan tyde på at den stalinistiske ryggmargrefleksen framleis
fungerer hos nokre ("all kritikk er fordekte likvidasjonsforsøk").

Med von om eit godt nytt år - også for Klassekampen!

Gudmund Valderhaug



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:49 MET