Re: Dei einøygde

From: Oddmund Garvik (garvik@pop.worldonline.fr)
Date: Fri Dec 10 1999 - 14:57:42 MET


Le Jeu, 09 Déc 1999, Karsten Johansen a écrit :

> At 20:29 08.12.99 +0100, Oddmund Garvik wrote:
 
> >(Eg seier ikkje at du hevdar dette, Karsten, men det forbausar meg å
> >høyre slik tale frå din kant.)
>
> = Jeg sier ikke at du sier dette, Karsten, men det forbauser meg at du sier
> dette.

Det var eit ordspel. Sjølvsagt er det dette du seier på ein måte. Og
du understrekar det nok ein gong i det siste innlegget ditt, som om
det var den mest "naturlege" tingen i verda.

Du kjem med bortforklåringar og set ting på spissen. Du har rett i
nokre tilfelle, men du endar opp i ingenting - ein kynisme som ikkje
er betre fordi han kjem frå deg, og ikkje frå Hvermannsen.

Kvifor ikkje ta spranget fullt ut - bli som "de fleste"? Gløyme
verda som er så langt borte. Det finst så mange andre ting i livet...
Det går ikkje an å forandre verda likevel. Kvifor kava seg opp over
alle bileta som fotografar av og til bøter med livet for å få i boks,
eller notisane frå telegrambyråa? Verda går sin gang med eller utan
oss. Lat oss vende attende til egget. Lat oss måle egget lyseblått
innvendig, og innta fosterstilling. Lat oss dyrke vår eigen tanke.
 
For som du seier:

> Hva KAN vi gjøre? Jeg kan ikke se at dette er verre enn alt det andre
> som allerede har skjedd, Hiroshima, Auschwitz, Vietnam, Ruanda,
> Kambodia osv. De fleste har vært tause vitner til alt dette og mere
> til. De fleste har ikke ofret det en tanke. Likevel ansees de som
> "siviliserte" og "normale". Noen har propagandert for folkemordene
> til og med.

Du kan glefse:

> Hva er det dere vil ha nå? Skal NATO bombe Russland med intelligente
> våpen og risikere atomkrig? Skal Verdensbanken heve renta? IMF nekte
> fler lån? Hvem vinner på det? De vanlige tjetjenerne? De vanlige
> russerne?

Eg forstår kva du siktar til, men eg høyrer ikkje til "dere". Eg
protesterer mot uretten same kor han er, og støttar elles alle tiltak
som kan stoppe barbariet. (I ytterste fall, til og med ein krig mot
krigen.)

> Jeg sender gjerne penger til "Leger uten grenser". Men hva
> mer kan jeg gjøre?

Du kan signere underskriftskampanja som den same organisasjonen sette
i gang i dag. Dette kan vera med på å endre haldningar, for det er
ikkje heilt slik som du skriv her:

> Disse ting skjer, uansett hva vi gjør. Vi har ikke ordet. Makta
> utøver folk som kan drepe millioner uten å merke det. Mens partier
> som SV og RV vrøvler om sitt. Samvittighet og politikk hører fortida
> til i dagens apokalyptiske virkelighet. Vi kan bare prøve å holde
> vår egen tanke klar.

Me har ikkje makta, men me kan rane til oss ordet. Eg kjem stendig
attende til det Samuel Beckett ein gong sa: "Words are all we have".
Kva hjelper det å halda sin eigen tanke klår, om ein ikkje tek ordet?
Det er vel og bra å skrive nokre linjer på KK-forum i ny og ne, men det
er lite og ingenting i den store samanhengen.

Eg høyrer til dei som ikkje trur at "samvittighet og politikk hører
fortida til i dagens apokalyptiske virkelighet". Det blir for lettvint,
tykkjer eg. Og eg veit at eg ikkje er aleine om framleis å bli indignert
over humbug, urett og undertrykkjing. Dette har ingenting med gener å
gjera, det handlar om livssituasjon og vilje, kanskje også om trass.
Det er ein måte å leva på.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:46 MET