Re: Ozon-verdier over Skandinavia som over Antarktis

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Fri Dec 03 1999 - 10:07:46 MET


On Thu, 2 Dec 1999, Karsten Johansen wrote:

> I mitt siste innlegg satte jeg meteorologisk i det norske meteorologiske
> institutt i hermetegn.
> Jeg skal senere gå nærmere inn på hvorfor, bare nevne deres mer og mer
> lemfeldige "værvarsling" som ikke lenger har noen videre verdi, fordi man
> blir like klok av å se ut av vinduet.
>
> Til forskjell fra hva man ellers kan finne om vær og klima på nettet. Mange
> andre meteorologer synes heldigvis å ha en annen institusjonskultur enn de
> i Oslo og tro på at leserne er interessert i å bli opplyst, ikke bare i å
> få løst snakkestoff til kaffepraten.

Akkurat som for dei fleste naturvitenskaplege er det ikkje alltid ein
årsak til eit problem, til journalistars store fortvilelse.
For å ta det enklaste fyrst. Meteorologisk Institutt har ikkje
ozonmålinger. Derimot har Norsk Institutt for Luftforskning gjort ein del,
men i mindre grad enn i Sverige. I tillegg har Fysisk Institutt, UiO nokre
måleseriar. SMHI dekker eit mykje større felt enn Meteorologisk
Institutt. Som vi alle veit har desentralisering vore viktigare
i Noreg enn i Sverige. Ein eller annan på Meteorologisk Institutt
kunne sjølvsagt ha gitt ut ei pressemelding basert på andre lands
målingar / satelittdata, men det ville vere å gå "andre i
næringa."
 
> SMHIs mätningar av ozon görs på uppdrag av Naturvårdsverket och
> ingår som en del i miljöövervakningen.

Det finst mindre pengar til slikt arbeide i Noreg.

Vervarslinga er litt meir komplisert.

Kor detaljerte værmeldingane på radio og fjernsyn skal vere blir stort
sett bestemt av NRK.
Kor detaljerte meldingane på www skal vere blir stort sett bestemt av
pålegg frå departmentet om at MI skal få mange
av inntektene frå salg av tjenester. Det enklaste skillet mellom
offentleg og betalingstenester, er då å legge vermeldinga på
radio til grunn for kva ein legg ut på nettet.
Dette gjeld også i dei andre nordiske landa, men MI har vore litt seine
til å selje tenester på nett, slik du finn mange døme på hos SMHI.

Dette skuldast både konservative meteorologar/ administrasjon, og
i tilegg har det vore enkelte tekniske sikkerhetsinnvendingar,
særleg i forhold til det militære.

For å fullføre værdiskusjonen, og samtidig vise litt av skilnaden
mellom Sverige og Noreg kan eg nevne eit eksempel frå det feltet eg
arbeider med, klimaforskning.

I Sverige er det oppretta eit klimasenter knytta til SMHI som gjer
mesteparten av modelleringa og mykje av forskninga.

I Noreg er det to ulike forskningsprogram som inkluderar
snaut 10 ulike forskningsinstitusjonar.

Det bør likevel nevnast at verken i Sverige eller enno mindre i
Noreg har ein dei ressursane å danne eit senter som skal prege
nyhetsbildet internasjonalt. ( Og det er det vel neppe nokon som venter
heller) Slike internasjonale senter, til dømes det som gjev ut
langtidsvarsel (ECMWF) har ein tungregnekapasitet som er
høgare enn den samla nordiske tungrekneparken.

Øyvind Seland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:44 MET