Re: Bare WW2 dyrere enn Y2K?

From: garvik@ifrance.com
Date: Fri Nov 12 1999 - 14:05:11 MET


Eg har nok eit pc-krasj på nakken, og har vore "borte" ei stund. Eg har ikkje
flykta med andre ord. Det kom over hundre meldingar frå KK-forum i ein sleng,
med mange trådar å henge fingrane i. Eg stogga ved kamerat Nærum.

Le ven, 12 nov 1999, Bjarne Naerum a écrit :

<klipp>

> Jeg vil kjapt i tillegg anbefale denne norske ressurssida for fri programvare:
> http://www.math.uio.no/~thomas/lister/f3p.html
> Som en god introduksjon til hvorfor åpen kildekode er bra og Microsoft ond:
> http://www.math.uio.no/~thomas/lister/brukerfiende.html

Det er kanskje "interessant" for nokre, men slett ikkje fundamentalt i ei verd
der eit overveldande fleirtal er fattige bønder og analfabetar, utan tilgang
til denne luksusen som ein kallar IT. Dei har ingenting med dette å gjera, enda
mindre med hysteriet omkring år 2000. Det hippe Y2K...

Lever ein på den lyse sida, og har tid til det, er det vel og bra å mislike
Microsoft. Men då må ein gjera noko med det. Det blir litt underleg når ein
kritiserer giganten medan ein, liksom fleirtalet av pcbrukarar,sit og skriv på
maskiner som er fulle av giganten sine produkt...Outlook Express, Internet
Explorer, Word, Excel osb.

Eg var i same bås, enda eg unngjekk Microsoft så godt eg kunne, med Eudora,
Opera, og mykje fri programvare. I dette siste krasjet miste eg store deler
av mange års skrivearbeid o.l., og det fekk på ein måte begeret til å flyte
over. Eg laga meg ei Linuxmaskin med litt bric og brac, gamle kort og
komponentar, som gode vener gav meg, gratis. No har eg ei maskin som er vel så
bra og rask som den førre Windows pcen eg hadde.

Dette er vegen å gå. Samstundes som ein kritiserer dei store, må ein sørge for
å fri seg frå banda til dei, eller rett og slett feie framfor si eiga dør. Ein
må gå føre med eit godt eksempel, her, liksom på alle andre område.

De kan halda fram med denne debatten så mykje de vil. Eg har ikkje så mykje å
leggje til. Eg er ein fattig kunstnar som sit midt i Frankrike i eit gamalt
kråkeslott, der det er så kaldt og fuktig at ein frys ræva av seg enda ein har
to gensarar og to jakker på seg. Eg har ikkje råd til å kjøpe ved før i slutten
av månaden, og har knapt nok råd til mat. Dette uroar meg meir enn alle desse
luksusproblema som overdøyver dei verkelege problema. Berre her til lands
lever om lag 6 millionar menneske under fattiggrensa definert av FN. Kva fanken
skal ein med år 2000? Det er korkje særleg mystisk, eller magisk. For dei
fleste er det berre eit år i tillegg.

Om den vesla verda til nokre millionar priviligerte bryt saman samstundes med
at dei kysser kvarandre og drikk champagne, kjem det ikkje til å endre livet
til milliardar av andre. Ein må prøve å halde fast på dette perspektivet, og
ikkje henge seg opp i alkens "moderne" fiksfakseri som berre er tidtrøyte når
det kjem til stykket.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:39 MET