Om L. Rajic, fra Ingar Arnøy

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: Fri Nov 12 1999 - 10:07:57 MET


Jeg mottok dette privat, og videresender det til forumet med avsenders
tillatelse.

Trond Andresen

***************************************************

Eg les ordskiftet ditt med ein Øistein H. Holen om m.a. rolla åt L. Rajic i Kosovokrigen (om hans manglande evne til å kommentera haldningar og handlingar frå serbarane). Det har du heilt sikkert rett i, men på Skjervheimseminaret i september i år melde Rajic svært sterkt om korleis serbarar hadde fare åt (lenge) før, under og etter (!) krigen mot so vel albanarar, sigøynarar og andre.

At Rajic ikkje går so mykje inn på, eller ynskjer bruka nasjonsadjektiv føre andsvarshavande for ymse brotsverk, trur eg meir skuldast at han er ein tildels tradisjonell, eg vil mest tru nokso dogmatisk historisk-materialistisk marxist. På Skjervheimseminaret brukte han mest alle innlegg (i andre ordskifte enn det om Balkan) til å avfeia ordskifta som heller uinteressante og han la mykje vekt på "me som intellektuelle ikkje kan unngå å ta del i dei overordna sosiale kampane som pågår", "same kva for posisjon me tek i ordskiftet om herredømefri kommunikasjon eller postmoderne strategiar er me bundne til dei sosiale kampane som støtt skjer rundt oss" etc. etc.

Ingar Arnøy
Skulemålsskrivar
Noregs Mållag
p.b 474 Sentrum, 0105 OSLO

tlf. 2247 7100 tlf. direkte 2247 7110 mob. 9164 4095
faks: 2247 7101

http://www.nm.no



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:38 MET