Re: Bare WW2 dyrere enn Y2K?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Nov 11 1999 - 10:37:11 MET


Bjarne Naerum wrote:
>
> Jeg har de siste dagene forsøkt å argumentere her for at
> Y2K eller "år 2000-problemet" er et vanvittig og relativt
> idiotisk pengesluk av en annen verden. (Men som foregår
> nettopp i vår verden, jo mer dess mer "moderne" og
> "framtidsrettet", det har foregått en stund og pågår NÅ).
>
> For ordens skyld:
> Dette betyr IKKE at jeg vil ignorere problemene som alt er skapt
> eller forsøke å stoppe anstrengelsene for å LØSE dem.

Nei vel, men kva vil du så oppnå? Du bruker sterke ord, men kvar vil du
hen?

Denne debatten bør delast i to dersom han skal halde fram her på
KK-forum:
1) Kvifor har problemet oppstått, og bør nokon hengast for det?
2) Er tiltaka for å løyse problemet fornuftige?

Til 1):

Programmerarar på 70-talet og tidlegare sparte store summar med å bruke
tosifra årstal. Datamaskinar var vanvittig dyre etter notidas målestokk.
Kunne ein knipe inn to plassar i kvar datapost med å sløyfe hundreåra,
så var det hundrevis av kilobyte (tusen teikn) spart i ein stor
database, og det var mykje pengar. Svært få tenkte den gongen at systema
deira skulle brukast i år 2000, og med rette, spør du meg.

Utover i 80-åra endra kostnadsbiletet seg, med utbreiinga av
mikroprosessorar og masseproduserte lagereiningar (diskar og minne).
Mykje av tankegangen hekk likevel att. Etter kvart vente brukarane seg
til at datasystema (særleg maskinvare) hadde kort levetid, fordi det
stadig kom nye produkt på marknaden. Dette smitta sjølvsagt over på
programmerarane, som heller ikkje såg for seg at dei laga noko for
evigheita.

Desse utviklingslinjene vart skjerpa i 90-åra. Samstundes tok 2000 til å
nærme seg. Ansvarlege programmerarar som tenkte framover, tok omsyn til
det. Dessverre gjorde ikkje alle det, og til kvar tid fanst det
datasystem i drift som ikkje var 2000-klare, men som ein måtte leve med.

Moderne programsystem er komplekse greier, der mange modular eller
komponentar skal verke saman. Modulane kan vere utvikla på ulike stader
og tider, med ulike verkty og varierande føresetnader. Nye modular må
ofte tilpasse seg gamle. Som Ottar Birkeland peika på for nokre dagar
sidan: Dersom ein ny, "firesifra" modul skulle utveksle data med ein
eldre, "tosifra", så vart det på den "tosifra" sine premissar. Dermed
smitta 2000-feilen også over på den nye modulen, sjølv om dei som laga
den, visste om problemet og prøvde å unngå det.

Nokre dumme ting har vore gjort. Menneska er også late, og skriv ugjerne
"19" i årstalet når det ikkje trengst. Reknearket Excel frå Microsoft
handterer dette med å bruke eit såkalla tidsvindu: Skriv du 29, blir det
oppfatta som 2029, medan 30 kan bli tolka som 1930. Dette er ein grei
framgangsmåte. Problemet er at ulike versjonar av Excel har ulike
tidsvindu, og sender du årstal frå den eine til den andre på ein
spesiell måte, så kan det bli oppfatta feil! Microsoft (populær
hoggestabbe) var forresten seine med å innsjå at 29. februar 2000 er ein
gyldig dato, sjølv om reglane for skotår har vore kjende sidan pave
Gregor si tid.

Til 2):

Det er eit enormt arbeid å gå gjennom alle datasystema og sikre at dei
vil fungere. Aller verst er det med system der lesbar programkode og
dokumentasjon har gått tapt, slik at ingen veit heilt nøyaktig korleis
dei vil reagere ved inngangen til 2000. Og: Denne jobben er det ein
absolutt tidsfrist på; han *må* vere ferdig før årsskiftet. Heime kan vi
vel ta sjansen på at videomaskinen ikkje verkar nokre dagar, men
ansvarlege IT-folk i offentlege etatar og private bedrifter kan ikkje
tenkje slik.

Derfor har dei dei siste åra arbeidd hardt med å reparere eller skifte
ut upålitelege datasystem. Dette omfattar også styringssystem i
industriprosessar, kommunikasjon m.m. I mange tvilstilfelle er det
billegare å skifte ut enn å bruke tid på å leite etter mulege feil.
>
> Men hvor store SUMMER snakker vi egentlig om her?
> Telenor har alene offentliggjort utgifter på over en milliard,
> hvor store kostnader dreier det seg om for hele Norge?
> 100 milliarder? 150? 200? Mye penger!!!
> Og GLOBALT? (4.700 milliarder er anslått, se under).

Og kva så? Kor store blir kostnadene med å la vere eller gjere det
halvvegs?

Tenk på eit tal, og du kan sikkert lage eit reknestykke som underbyggjer
det. 2000-jobben fell saman med - og føregrip - ein "normal"
utskiftingsprosess av utrangert utstyr. Noko av det som blir skifta ut,
skulle likevel ha vore skifta no eller dei næraste åra.
>
> I disse dager blir summene faktisk sammenligna med de økonomiske
> kostnadene knytta til vietnamkrigen og andre verdenskrig (WW2)!

Dette er ei så toskete samanlikning at ho aldri burde ha vore tenkt -
enn sei trykt. Kva "kostar" ein million vietnamesiske liv? Kva er
"prisen" på ein amerikanar - død eller skadd for livet?

> Uten sammenligning forøvrig:
> Våpenindustrien tjener store penger på krig,
> IT-industrien har tjent store penger på Y2K.

Og kva så? Dersom huset mitt bles ned fordi det er for dårleg bygd, så
vil ein byggmeister (kanskje ein annan) tene pengar på å byggje det opp
att, ikkje sant?

> Det er kanskje på tide at samfunnet nå blir mer kritisk til IT-industrien,
> og at denne som våpenindustrien blir mer politisk styrt/kontrollert?

Gjerne, men løyser det 2000-problemet, eller hindrar det at andre
tekniske problem kan oppstå i framtida?

Helsing Lars Staurset

P.S. Så snart krutrøyken etter nyttårsrakettane har drive bort, kjem eg
til å skrive årstal med to siffer att. Det er hundre år til neste gong,
og det blir ikkje mitt problem då! ;-)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:37 MET