Re: Tsjetsjenia

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Fri Nov 05 1999 - 00:12:23 MET


At 20:29 04/11/99 +0100, Øistein Haugsten Holen wrote:

>Maken til selvrettferdighet! Dere benytter jo enhver sjanse til å rakke ned
>på andre. Er kanskje bombetilhengernes lunkenhet ovenfor Tsjetsjenia det
>spor bedre enn andres lunkenhet? Er de som gjorde motstand mot krigen i
>Jugoslavia "ekstra" forplikta til å protestere nå, mens de som støtta NATO
>dengang bare kan hvile på sine laurbær og fokusere på manglende engasjement
>fra de som protesterte?
>Hva venter dere egentlig sjøl på? At noen bombemotstandere skal forfatte
>oppropene for dere?

Dette handlar ikkje om "selvrettferdighet", eller "å rakke ned på andre".
Det handlar om politikk. Politikk har moralske sider. Moral har politiske
implikasjonar, osb.

Kvifor har det ikkje blitt noko liv i denne debatten før no? Denne krigen
har alt pågått ei stund, men "antikrigsrørsla" har hittil vore heilt stum.
Det er stunder då ein lurer på om "venstresida" funger etter same prinsipp
som tabloidpressa, og at dei berre er to sider av same sak.

Kvifor måtte det spørsmål og harselering til for å få greie på at
antikrigsnettverket i Bergen steller i stand ei markering mot krigen i
Tsjetsjenia om to dagar? Og kva med resten av "antikrigsrørsla"?

Kvifor var det ingen demonstrasjon då Putin var i Oslo for nokre dagar
sidan? Er den russiske kolonikrigen i Kaukasus mindre viktig, eller meir
rettferdig enn Natokrigen mot det serbiske regimet (som var ute i same ærend
som russarane no)? Serbarane ville ha eit Kosovo utan kosovarar (det ser ut
til å bli eit Kosovo utan serbarar i staden...). Russarane vil ha eit
Tsjetsjenia utan tsjetsjenarar (noko som også kan ende med eit Tsjetsjenia
utan russarar). Dette er lagnaden til alle imperialistar - boomerangen har
ein tendens til å slå attende.

I staden for mangfaldige, fleirkulturelle statar får ein segregerte, etniske
område. Men dette er resultatet av den blinde og fanatiske politikken til
dei som starta det heile frå byrjinga av. Det er ingenting å hoppe i taket
over, men heller ikkje noko ein kan gjera stort med. Ein må la tida arbeide.
Med tida mjuknar frontane, og dialog blir mogleg. C'est la vie!

All terpinga om "etterspelet" på Balkan blir ståande i eit grelt relieff
mot den totale likeløysa som store deler av "venstresida" har vist i høve
til Tsjetsjenia. Det er natt og dag. Men det går framleis an å gjera noko
med det.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:33 MET