Re: flere attentater

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Tue Oct 26 1999 - 23:57:50 MET DST


Dette er ein alvorleg og relevant kritikk ikkje berre av KK-forum, men av
heile "debatten" på "venstresida". Det verkar som om perspektivet og
proporsjonane er heilt forstyrra.

Sjølv har eg vore tvungen til å halde meg unna KK-forum og Internet ei
stund. Telefonlinja mi har vore sperra, men i ettermiddag kunne eg nok ein
gong laste ned ei mengd stoff frå ulike hald.

Dei fleste av meldingane frå KK-forum gjekk diverre rett i bosset, uleste.
Eg sorterer etter emne i slike situasjonar, og gjer reint bord. Så slepp eg
å irritere meg over alt slags vrøvl som blir pønska ut i skuggen av
"marxisme", "sosialisme", eller kva det no er som blir nytta som
etikett.

Korleis skal det gå om debatten på "venstresida" held fram i denne leia? Har
det noka meining i det heile teke å diskutere slikt fjas som KK-forum no har
fløymd over av ei stund?

Medan det amerikanske monopolet konsoliderer seg på alle område, og medan
den brune bølgja feiar over den rike, vestlege verda, skulle vel folk som
kallar seg venstreradikale ha meir vituge tankar i hovudet.

Krapylet Hagen gjorde det stort ved lokalvalet i Noreg nyleg. Haider gjekk
av med sigeren i Austerrike. I Tyskland ligg det framleis brunt grums i
bakgrunnen, og i Sveits blei det fascistiske partiet til Christoph
Blocher, l'Union démocratique du centre (UDC), her om dagen det største
partiet ved valet til det føderale helvetiske parlamentet, eller
Nasjonalrådet. For Aftenposten er dei berre "høyrepopulister"..., ikkje så
farlege med andre ord.

I USA jaktar ein annan "populist" av same slaget, på presidentstolen.
Pat Buchanan kan bli neste president i det rikaste og mektigaste landet i
verda.

Det russiske kjeltringregimet herjar på i Tsjetjenia som om det var heilt
normalt. Dei vil ha olja i fred, og eit Tsjetjenia utan tsjetjenarar…

I den tredje verda døyr folk som fluger, og det blir berre verre.

For mange år sidan var eg formann i Antifascistisk Komite (AFK) i Bergen. På
ei tid då nynazistane i Norsk Front var på offensiven, blei det på sentralt
hald (dvs. i AKP) "vedteke" å leggje ned AFK på landsbasis. Eg forstod
aldri dette heilt, men eg blei ikkje spurt. I ettertid har eg aldri kunna
fatte poenget med det, bortsett frå at det gjekk opp for meg at AKP var meir
oppteken av sin eigen navle enn kampen mot fascismen og rasismen.

Denne tradisjonen lever visst vidare. No står nazikrapyla og naziyngelen
fram att, men få eller ingen ser ut til å uroe seg over det. Det er
symptomatisk for "venstresida" i det søkkrike vesle Noreg.

Wyller snakkar om "en viss trusel fra nazistiske miljøer" og held fram med:
"Hva skal man gjøre. Ensidig utelukkelse av nazister kan virkelig ikke være
veien, man kan ikke ekskludere folk fra samfunnet, det er jo bare å gjøre
det Hitler gjorde.
"Fei vekk alle skadedyr!" Typisk totalitær tankegang, som vi bør være ferdig
med. Hva er det med nazismen. Fascismen. Rasismen. Hva kan man si. Hitler
var selv kommunist i sin ungdom, som Mussolini, som en del norske nynazister
har vært blitzere. Hm. Hva betyr dette." osb.

Kva er dette for slags sludder, Wyller?

Du kjem med eit lausrive sitat frå ordspelet til Jacques Derrida som ikkje
har noko med saka å gjera. (Derrida var inne på spørsmål som var knytte til
språksituasjonen i det tidlegare franske Algerie). Du snakkar om å "forkludre
dette med å komme til bevissthet", men du er heilt på viddene, liksom visse
andre her på forumet.

Vil ein forandre samfunnet og verda, må ein nok gå laus på meir sentrale
ting, og leggje fram klårare tankar enn dette. Har ein gitt opp, stiller det
seg sjølvsagt heilt annleis. Då kan ein halda fram med ørkeslause og
perifere "debattar" resten av livet. Og ingen treng å bry seg om noko som
helst.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:30 MET