Re: tall fra Kosovos dødsmarker

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Mon Oct 18 1999 - 14:57:46 MET DST


Det er ikkje nytt at alle slags revisjonistar av historie og hendingar står
fram med "nye opplysningar". No er det talet på offer etter krigen i Kosovo
som er blinka ut. Kva så? Det var vel ikkje anna enn ein kunne vente, men
forandrar det historia? Skal ein bla om og gløyme heile greia om ikkje så
lenge?

"Bandittane" i "the sophisticated public relations machine of the KLA" har
sjølvsagt ført heile verda bak lyset, liksom "bandittane" i Tsjetjenia, og
"bandittar" andre stader. Det er berre nokre få "opplyste", fortroppen av
"anti-imperialistar" og "fredsforkjemparar", som har vilje og krefter til å
stå mot, og nokre andre som gjer seg interessante ved å kasta fram
kontroversielle påstandar.

Det er vanskeleg å fastslå eksakte tal på offer i samband med krig og
naturkatastrofar. Når Øistein Holen kjem med sitat frå eit par vage kjelder,
som ikkje er meir etterrettelege enn kven som helst, er det ikkje anna enn
ein variant av "sanninga". Denne "etterretningsorganisasjonen" han snakkar om,
(Stratfor.com) er berre nok ein av desse "online news services" som det
vrimlar av på Internett. Stratford. com påstår at dei er flinkare "in going
one step further to get behind the news", men me må ikkje la oss bløffe.
Kvifor skulle eit firma med "background as a private intelligence company
engaged in open-source information monitoring", vera meir etterretteleg enn
andre...???

Det er å vona at reiknskapen over krigen i Kosovo blir noko meir seriøst enn
platte, ironiske kommentarar frå alle slags "spesialistar" som vil setje
spor etter seg, men som i farten gløymer at dei berre er eit vitne mellom
mange, og at sanninga kan vera noko heilt anna enn det dei har "sett",
"høyrt", eller "estimert".

Det kan hende det no blir nok ein Kosovo-debatt på KK-forum, men det blir
utan meg. Skiljelinjene er dei same som dei var i vår. Medan
"Antikrigskonferansen i Oslo" terpar vidare på dei same argumenta som ein no
kjenner utanåt (sjå meldinga til Asgeir Bell i førre veke), går det føre
seg ein annan barbarisk krig som ein nesten ikkje høyrer eit pip om.
"Antikrigsnettverket" og andre krefter på "venstresida" ser det visst ikkje
som noka sak å setje på dagsorden. Eg tykkjer det er for jæveleg at ingen
ser ut til å reagere på det som no går føre seg i Tsjetjenia, og at
løgnpropagandaen til det russiske regimet får leva i fred som
bakgrunnsmusikk. Ikkje ein gong Klassekampen (?) lagar noko stor sak av
krigen i Kaukasus. I alle fall ikkje etter det eg ser på vevsida. Nei, ein
er meir oppteken av "Médecins Sans Frontières" som "spydspiss for vestlige,
"humanitære" intervensjoner". Dei siterer doktor Van Duppen, ein belgisk
lækjar...

Kor dupp kan ein bli?

Oddmund Garvik

PS: Den franske pressa er som vanleg vel informert. Sjå t.d. Libération:

http://www.liberation.fr/russie/index.html
 
-------
At 10:38 18/10/99 +0100, Øistein Holen wrote:
>Vedlagt er korte utdrag fra to artikler om antallet dødsofre i Kosovo. Den
ene er fra etterretningsorganisasjonen Stratfor, den andre er en
oversettelse av en artikkel fra El Pais (jeg har ingen mulighet til å
kontrollere riktigheten av sistnevnte oversettelse, da jeg ikke behersker
spansk).
>
>Begge artiklene konkluderer med at antallet albanske dødsofre i Kosovo ser
ut til å ligge langt lavere enn tidligere antatt. Jeg antar disse artiklene
vil være av interesse for KK-forum.
>
>Øistein Holen

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:26 MET