Slapp kontroll på Gardermoen?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Oct 12 1999 - 14:03:00 MET DST


Munter historie i Romsdals Budstikke i dag: Mohammed Khalid Abdul Aziz,
busett i Hannover, skulle reise på ferie til Moldova. Reisebyrået gjorde
ein feil, og mannen skjøna ingen ting då han kom til Molde og ikkje fann
vennene sine der. Dei stod og venta i Kisjinjov, i den andre enden av
Europa.

Braathens-personalet og politiet ordna tydelegvis opp på ein grei måte,
mannen overnatta på hotell og reiste vidare dagen etter, vonleg til
varmare strok enn Molde.

Er ikkje innvandringskontrollen på Gardermoen så streng likevel?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:23 MET