God nyheit i KK

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Oct 06 1999 - 16:32:54 MET DST


Når laurdags-KK kjem måndag og måndagsavisa verken kjem måndag eller
tysdag, er det like greitt å fordele lesinga litt. Slik oppdaga eg først
i går den store nyheita som var gøymd bort langt inni laurdagsavisa:
investeringar blir haldne utafor WTO! Det er jo den beste nyheita som er
komen sidan MAI vart stansa!!! :-) Eller gler vi oss for tidleg? (WTO er
ille nok likevel, sjølvsagt.)

Det merkelege er at Dagen Næringsliv ikkje har omtala denne saka (og den
avisa kjem stort sett presis). Dette burde jo interessere dei
investorane som les avisa. Kanskje dei må følgje med i KK frå no av?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:21 MET