Om terror, paranoia og byråkratisk logikk

From: Roar Madsen (Roar.Madsen_at_plu.ntnu.no)
Date: 12-10-01


Emne: Om terror, paranoia og byråkratisk logikk
Fra: roar.madsen_at_plu.ntnu.no (Roar Ketil Madsen)
Tidlegare posta til Newsgruppe: ntnu.fritt-forum

Illgjerningane i Sambandsstatane vert no fylgde av nye illgjerningar i
Afghanistan. Dei siste skil seg frå dei fyrste på fleire vis - mellom anna
ved at dei møter handklapp frå regjeringar og statsmenn frå alle
verdsdelar. Og vidare ved at store delar av den vestlege verda fekk
"pålegg" om politisk sorg etter dei fyrste, det vert neppe "en hel verden
i sorg" for dei afghanarane som døyr - om dei so måtte vera aldri so
uskuldsreine eller demokratiske i sinnelag. Slik er sorgens politiske
økonomi ein del av kampen om den globale politiske dagsordenen. Både
raseri og sorg er ei naturleg kjensle for dei som møter store tragediar &
illgjerningar på nært hald, men er det eigenleg rimeleg å krevja kollektiv
(og politisert) sorg? Etter mitt syn burde me (særleg media og
styresmakter) ha større vyrdnad for verkeleg sorg enn at me handterte det
på slikt vis.
    Redsla derimot er kanhenda meir forståeleg. Som andre kjensler er ho
ikkje plagsamt underlagt rasjonalitet. Ifylgje Dagsavisen i dag er
nordmenn meir lettskremde enn svenskar og danskar (= meir redde for å
reisa og fly). Sjå http://www.dagsavisen.no/innenriks/2001/10/608091.shtml
    Det kan sjå ut til at redsla har teke stege over til paranoia - og
attpåtil formulert på hjelpelaust vis i systerverksemda vår SINTEF. Der
har SINTEFs sikkerhetsutvalg sendt ut meldingar til dei tilsette om
"FORNYET VURDERING AV REISESIKKERHET I FORBINDELSE MED DET SISTE DØGNS
UTVIKLING." (Meldinga er klypt inn nedanfor).
    Det heiter mellom anna at:

"Den pågående aktivitet i Afghanistan medfører en øket risiko for aksjoner
i form av terrorhandlinger mot land som støtter aksjonen."

Redsla er tydelegvis stor for å seia det som det er - at det pågår
omfattande bombing og rakettåtak mot Afghanistan. "Den pågående aktivitet"
og "aksjonen", kva kan ein eigenleg seia om slik anna enn at det er
skjønnmåling?

"Vi er bekymret for anslag mot steder med stor tetthet av mennesker."

Ja, terroristar flest forstår at det ikkje gjev særleg effekt å retta
"anslag" mot meir eller mindre folketome område.

Og so kjem perla:

"Smitteeffekten mot at uorganiserte grupperinger som støtten terroristene
vil utnytte situasjonen til aksjoner i samme retning er også tilstede."

Det må vera ei forskingsoppgåve av store dimensjonar for
organisasjonsvitarar, sosiologar, statsvitarar eller andre å finna ut kva
ei uorganisert gruppering er. Det er vel elles ikkje akkurat nytt eller
overraskande at grupperingar/ statar/personar som vert bomba av B-52 eller
råka av rakettar kan finna på å verta irriterte over dette, - dersom dei
ikkje vert drepne då. Dette gjeld vel til og med det store fleirtalet av
afghanarar som ikkje hadde noko med illgjeringane i Sambandsstatane å
gjera.

Tiltaka som SINTEFs sikkerhetsutvalg i sin visdom har føreskrive er m.a.

"All reiseaktivitet utenfor Norden skal risikovurderes av undertegnede.
Den enkelte operative enhet pålegges å føre logg over all reiseaktivitet.
Vi anbefaler å begrense / forby reiser til steder med store
personansamlinger eksempelvis messer og konferanser.
Opphold på steder eller trafikknutepunkter hvor det er store
personansamlinger skal reduseres til et minimum."

Det kunne jo tenkjast at at forskarar med god kjennskap til og solide
nettverk i USA, Storbritannia eller Tyrkia t.d. var minst like godt eigna
til å gjennomføra risikovurderingane som sikkerhetsutvalget. Når det gjeld
ynsket om å avgrensa/forby reiser "til steder med store personansamlinger
eksempelvis messer og konferanser" eller reduksjon av opphald "på steder
eller trafikkknutepunkter hvor det er store personansamlinger" er det
mangt å seia.
    Til dømes kunne det vel vera ein ide å unngå flyplassar, jarnvegstasjonar
og bussterminalar og reisa utanom alle byar på si ferd. Bilbruk er
sannsynlegvis problematisk ettersom trafikkulukker inneber større risiko
enn fly(plass)bruk. Kanskje er det betre å bruka føtene - det skal visstnok
vera sunnare òg.
Dessutan er sikkert mogeleg å kutta ut/kutta ned på deltaking på messer og
konferansar. Det ville redusera risikoen for ulukker og dessutan tena som
understreking av at bruk av terror skræmer mange. Det vil sikkert bidra
til at me får færre terrorhandlingar i framtida. Endeleg kunne me
sjølvsagt leggja alle aktivitetar utanfor arbeidsplassen i relativt trygge
(lite folkerike) omgjevnader - messer på Finnmarksvidda og konferansar på
Femundsmarka. Flotte saker! Skulle du likevel vera so rasjonell og uredd
at du utsette deg for fåre ved å bruka fly - bør du for all del unngå å
forlenga flyplassopphaldet ved å eta middag på restauranten. Ta med
matpakke og hiv deg i drosjen vekk frå flyplassen so snart du kan.
    Har sikkerhetsutvalget forresten tenkt på risikovurdering av bilbruk
til og frå kontoret, brannfåre i heimane og den mogelege invitasjonen til
"anslag" som ligg i manglande nærforsvars-stillingar utanfor kontorbygga?
Og kva med vår arbeidsgjevar - NTNU - når skal dei koma på banen med
tilsvarande visdom? Personleg hadde eg tenkt meg på forskingsopphald til
det terrorutsette Nord-Irland om kort tid. Ettersom eg har arbeidd fagleg
med konfliktane der, ser eg fram til å få kunngjort kva førehandsreglar eg
bør ta under opphaldet. Dersom eg får reisa då.
    Eg sluttar ikkje å verta overraska over at sopass mange tydeleg nok er
so lite realitetsorienterte at dei ikkje har oppdaga før no at verda
stundom kan vera ein retteleg ekkel stad, at ulukker kan skje, at
planlagde illgjerningar hender og at det er mykje urett, vrangt og vondt i
verda.
    Ved nærmare ettertanke slå det meg at desse hjelpelause formuleringane
frå SINTEF kanskje ikkje er utslag av redsle nær det paranoide. Kanskje er
det heller den byråkratiske logikken som tilseier at det er avgjerande å
kunne dokumentera AT ein gjer NOKO same kor stupid det måtte vera som slår
igjennom? Eller er det kanskje naudsynet for å leia verksemder på ein måte
som gjev
inntrykk av at ein bryr seg om dei tilsette som får dette utslaget.
    Om tre timar køyrer eg heim frå arbeid og lagar mat kjøp inn på REMA
1000. Dersom eg torer utan risikovurdering då.

Roar Madsen

-----Original Message-----
From: Bøhn Helge [mailto:Helge.Bohn_at_staff.sintef.no]
Sent: 8. oktober 2001 11:11
To: alle_at_sintef.no
Cc: Aam Oddvar; Aam Sverre; Almås Karl A; Lysne David; Jørgensen Anne;
Asbøll Karen; Farsund Inger; Sagmo Mette; Wæraas Tor A; Knut E Dahl
(E-mail)
Subject: FORNYET VURDERING AV REISESIKKERHET I FORBINDELSE MED DET SISTE
DØGNS UTVIKLING.

I tillegg til den tidligere utsendte informasjon om klarering av
reisevirksomhet, 2001-09-12, vil vi meddele følgende:

Den pågående aktivitet i Afghanistan medfører en øket risiko for aksjoner
i form av terrorhandlinger mot land som støtter aksjonen.
Vi er bekymret for anslag mot steder med stor tetthet av mennesker.
Smitteeffekten mot at uorganiserte grupperinger som støtten terroristene
vil utnytte situasjonen til aksjoner i samme retning er også tilstede.

"FORNYET VURDERING AV REISESIKKERHET I FORBINDELSE MED DET SISTE DØGNS
UTVIKLING.

På grunn av det ovenståene innføres følgende innskjerpede retningslinjer:
All reiseaktivitet utenfor Norden skal risikovurderes av undertegnede.
Den enkelte operative enhet pålegges å føre logg over all reiseaktivitet.
Vi anbefaler å begrense / forby reiser til steder med store
personansamlinger eksempelvis messer og konferanser.
Opphold på steder eller trafikknutepunkter hvor det er store
personansamlinger skal reduseres til et minimum.
Vi vil fortsette å registrere slik reisevirksomhet, og all slik virksomhet
skal rapporteres pr E-mail til SINTEFs sikkerhetsleder Arild A Danielsen,
HMS seksjonen, ( tlf.96967, eller mob. 930 58 514), og til Helge Bøhn, (
tlf 93080, eller mob 930 32 781).

Vennlig hilsen

Arild A Danielsen
Helge Bøhn

SINTEFs Sikkerhetsutvalg"



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET