Re: ikkje lenger student

From: Håvard_Ravn_Ottesen (havard.ravn_at_ottesen.com)
Date: 12-09-01


Hei Jardar

Det er nok rett som du skriv at du ikkje lengre er student. Derimot er du
doktorgradsstipendiat. Dette er ei sak som eg arbeida med den tid eg var
student og politikar for nokre år sia (1998).

Eg diskuterte dette med mange, her også Doktorgradsstipenidatane sin leiar
på den tida, Jens Haugan. Sjølv om ein etter å tapa student statusen, kom
i alle fall eg fram til at ein endring av dokorgradskandidatane si status
til stipendiat er betre enn å vera student. Diverre medfører dette tap av
enkelte rettar studentar har - men argumentet for å likevel gå for ei
fristilling av stipendiatane var at ein dermed hadde eit reellt argument
for å kreva status som tilsatt og ikkje ein mellomting.

At so ikkje er fylgd opp av universiteta og departement er leit. DION bør
på grunnlag av nett dei tankane ein hadde i 1998 krevja merie status for
det arbeidet en gjer (herunder løn). Ein bør tenka seg vel og lengje om
før ein seier at alt var so mykje betre før og igjen krevja studentrabatt
med meir.

Lykke til med å fronta saka.

med venleg helsing

Håvard Ravn Ottesen - havard.ravn_at_ottesen.com

On Wed, 12 Sep 2001, Jardar Eggesbø Abrahamsen wrote:

> Hm. Eg er doktorgradsstudebnt. Det vil seia. Me er visst ikkje studentar
> lenger. Frå og med i haust.
>
> Rykte har jo gått om at folk på doktorgrad ikkje lenger skulle få nyta
> godt av studentstatusen, som studentheimar, barnehage og rabattar.
> Konsekvensane er sjølvsagt store for dei som ikkje lenger kan bu eller
> setja frå seg barnet nokon stad. Og med tanke på at stipendiatane tener
> dårlegare enn både timelærarar på universitetet og lektorar i skuleverket,
> so er det uhyggjeleg å tenkja på.
>
> So rykta har jo gått. Men informasjon har ikkje kome. Ikkje før eg no
> prøvde å registrera meg.
>
> Eg bur heldigvis på ein nokso billeg hybel. Privat, ja. Og eg har
> heldigvis ikkje born. Og i augo åt Forskarforbundet er eg heldigvis ein
> slags student, slik at kontingenten er redusert. Og som doktorgradsstudent
> studerer eg, og kan ikkje taka på meg for mange ekstrajobbar.
>
> Hm, sa eg doktorgradsstudent? Hm, eg meinte doktorgradsstipendiat.
>
> Ikkje er eg student, og ikkje er eg skikkeleg tilsett. Eg berre er. På
> sett og vis er eg mellombels tilsett, men skikkelege mellombels tilsette
> folk mottek i alle fall løn frå universitetet sjølv. Eg mottek løna frå
> NFR, berre _via_ universitetet. Og skikkelege mellombels tilsette mottek
> meir løn.
>
> Ingen vil ha meg, tydelegvis. Universitetet vil i alle fall ikkje ha meg.
> I alle fall ikkje so lenge det tener pengar på at eg er stipendiat. Ikkje
> eingong kompetansen min vil universitetet ha, for eg høyrer berre til
> halvparten av kompetansen til universitetet. Det er den andre halvparten
> som er viktig, og som skal ha kompetansekatalogar på nettet.
>
> Nei. Eg ynskjer meg eit universitet, eg. Ja, det hadde vore noko. Tenk om
> me hadde hatt eit universitet her i byen. Om eg vann ein milliard kroner,
> skulle eg ha kjøpt Dragvoll og grunnlagt Trondheim provate universitet. Og
> der skulle me ha studentar. Og me skulle ha tilsette. Og forskarane skulle
> forska, for dette skulle vera eit universitet, og ikkje «Trondheim
> offentlege omstillingssenter» med variabel instituttstruktur og sjefar frå
> Hydro.
>
> No bannar eg snart.
>
> Eg tek det i rot13, eg.
>
> Sl sna.
>
> Sånn.
>
> Jardar
>



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET