Re: Innlegg fra Jon Hellesnes i Dagbladet om Mjøsutvalget

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 21-06-00


Eg klipper og limer litt frå Dagbladet:
----------------------------------------------------------------------

«Ein kan ikkje få til fagleg fornying ved å gjere tida til gransking endå
mindre enn den alt er.»

       Universitetet - går det an?

Til diskusjonen om Mjøs-utvalets innstilling gjer professor Jon Hellesnes
ved Universitetet i Tromsø mellom anna eit tankeeksperiment: Korleis
skulle ein gå fram for å øydeleggje eit godt universitet?

JON HELLESNES, professor
Onsdag 21. juni 2000 9:37

Det finst eit spørsmål frå militært hald som er parallelt til det i
overskrifta mi: Går det an å ha eit forsvar i Noreg? Dei som reiser det
sistnemnde spørsmålet, hevdar at forsvarspolitikken her til lands er styrd
av omsyn og interesser som gjeld distriktsutbygging, busetnad og
arbeidsplassar, og at fagmilitære omsyn tel lite. Den universitære
sektoren har same problemet. # I praksis dreiar universitetspolitikken seg
om å få universitet og høgskular til å verke som støtteinstitusjonar for
utviklinga i ulike landsdelar. I den monn forskningspolitikk har hatt
gjennomslag, er det i ei transformert utgåve: Korleis kan vi få til ei
forskningsbasert styrking av næringslivet? Tilvisinga til at vitskaplege
resultat kan bli til seljande varer, har vore eit argument med ein viss
effekt. Men slik kan ein jo ikkje legitimere naturvitskapleg
grunnforsking, og den er enormt dyr i drift. Og kva med granskinga av
Homer eller Descartes? Den er rett nok svært billig i drift, men likevel?
Der er trass alt ei utgift.

Frå gammalt av har universitetsideen vore denne: Folk som driv gransking
på eit bestemt fagområde, og som dessutan har fått til noko som held eit
visst mål, skal også undervise og rettleie studentar. Håpet er at fagfolk
med ei sterk interesse for det dei driv med, vil kunne verke motiverande
på studentane slik at dei går vidare på eiga hand. Dette håpet er ikkje
illusorisk. Dei fleste som har fått noko ut av eit universitetsstudium,
veit det.

Dersom ein i staden tar utgangspunkt i at universitetet primært er ein
institusjon for utdanning, får ein det omvendte perspektivet: Fagfolka er
primært lærarar. Somme av dei driv vitskapleg gransking på si. Dei bør
kanskje ha litt «fritid» til det. Med eit slikt perspektiv ser ein ikkje
noko destruktivt i at undervisninga skil lag med den vitskaplege
granskinga. Ein vil ikkje ha motforestillingar mot å effektivisere
utdanninga med instrumentelle middel, inkludert incentiv og økonomiske
sanksjonar.

Kva er det som er i vegen med dei norske universiteta? Kvifor ser
samfunnstoppane seg om etter ein hestekur? Hovudproblemet er at
universiteta er nedslitne institusjonar. Dei har altfor lenge, utan
kompensasjon, hatt eit studenttal som har vore langt høgare enn det dei
har vore dimensjonerte for. Styremakta har brukt universiteta til
mellombels parkering av arbeidslaus ungdom i økonomisk vanskelege tider.
Kvardagen har vore prega av administrative og undervisningsmessige
kriseløysingar. Folk blei trøtte, oppgitte og stundom sure. (Rett nok blei
ikkje elendet jamt fordelt på alle fakultet.)

At nokon kan tru at ein slik tilstand er foreinleg med ein stor vitskapleg
innsats, er ei gåte. Andre forstår meir: Dei har orda frampå om å flytte
den vitskaplege aktiviteten frå universiteta der ressursane er nedslitne.
Deira linje er å berge det verdfulle frå eit skip som søkk.

Når det gjeld ei eventuell betring av situasjonen i universitetssystemet,
både i sektoren for undervisning og sektoren for gransking, er eitt
sikkert: Ein kan ikkje oppnå betring ved å setje inn fleire av dei
faktorane som har skapt den problemsituasjonen ein vil ut av. Ein kan
ikkje auke på med undervisningspress, meir instrumentell styring, fleire
administrative direktiv på fagleg tomgang og meir omfattande
«virksomhetsrapportar». Og framfor alt: Ein kan ikkje få til fagleg
fornying ved å gjere tida til gransking endå mindre enn den alt er.

Dersom eg skulle gi nokre stikkord som samanfattar erfaringa mi frå mange
og relativt langvarige granskaropphald ved gode, utanlandske universitet,
så er iallfall eitt av dei tid. Kollegaene mine hadde tid til å drive
gransking, tid til å skrive, tid til å lese, tid til samtalar og tid til å
førebu undervisning. Dessutan var dei ikkje overadministrerte. Der var få
administrative funksjonærar i høve til vitskapleg tilsette. Med omsyn til
mengda av forskings- og undervisningsbyråkratar i forhold til folketalet
er Norge derimot i verdstoppen.

Eit anna stikkord er fagleg status. Denne statusen er det ikkje mogleg å
nå ved å produsere resultat som er lett målbare ut frå administrativt
tilrettelagde evalueringsskjema. Den er berre oppnåeleg gjennom
anerkjenning i ein fagleg fellesskap som famner vidare enn den eigne
institusjonen. Fagleg anerkjenning har rg det ved seg at studentar gjerne
vil studere hos dei som har det.

Vi kan få til eit klargjerande tankeeksperiment ved å spørje slik: Korleis
skulle ein gå fram for å øydeleggje eit godt universitet? Når vi har
identifisert ein del middel med relativt stor destruktiv kraft, kan vi
stille eit nytt spørsmål: Er det rimeleg å tru at dei same midla kan eigne
seg til forbetring av eit universitet som alt er dårleg? Eller er det
snarare slik at dei vil gjere vondt verre?

For å få til ei øydelegging måtte ein sørgje for dette: For det første
gjeld det å halde vitskapleg tilsette unna dei høgste styringsposisjonane.
Det er viktig å gi størst mogleg makt til personar med minst mogleg
kunnskap om kva vitskapleg gransking og akademisk undervisning går ut på:
profesjonelle administratorar, helst med erfaring frå det private
næringslivet, næringslivstoppar og partipolitikarar. Erfaringar frå andre
land går ut på at dette er svært effektivt. For å få dette middelet
gjennom kan ein kalle det «samfunnsstyring». Ei viss omlegging i retning
av statleg selskap eller forretningsdrift er heller ikkje av vegen.

For det andre må ein få til ei undervisning som er lengst mogleg unna noko
som liknar på gransking. Det går lettast om ein tar i bruk ingrediensar
frå den utdanningsteknologiske pedagogikken.

Grunnideen i utdanningsteknologien er at vi kan organisere all opplæring
som ein produksjonsprosess i små steg med effektiv produktevaluering
undervegs. Då er det viktig å utvikle presise målemetodar for registrering
av resultata på dei ulike stadia i produksjonsprosessen. Dermed forvandlar
faget seg til ein serie oppsplitta læreemne. Nokon samlande refleksjon
blir det vanskeleg å få til.

For å hevde seg innanfor dette systemet og for å få dei økonomiske
fordelane som høyrer med som såkalla incentiv, må lærarane unngå dårlige
produksjonsresultat. Det skal lønne seg å vere lydig og resultatorientert.

Det mest effektive middelet til øydelegging av eit godt universitet er nok
likevel dette: Det gjeld å få dei vitskapleg tilsette til å kjenne seg
mest mogleg vanmektige i høve til «utviklinga», få dei til å tru at toget
alt er gått, og at det er for seint å gjere noko med situasjonen.

At slike middel har stor destruksjonskraft, er relativt sikkert. Men kan
ein rette opp noko med dei? Er det grunnlag for å tru at dei kan verke
konstruktivt når tilstanden alt er skral? Diskusjonen om framlegga i
Mjøs-utvalgets innstilling må blant anna dreie seg om dette.

Innstillinga inneheld så mangt. Der står mange fine ord om gransking og
kritisk tenking. Der står mangt som få vil vere imot, iallfall ikkje på
høgtidsdagar. Men alt dette fine har liten samanheng med dei praktiske og
organisatoriske framlegga. For å ta eit lite eksempel: Utvalet skisserer
eit mål om at utdanningsinstitusjonane skal få ein større grad av fridom.
Fridomens rike skal realiserast. Middelet er slik: Styret for
institusjonen skal ha eit fleirtal som er utnemnt/utpeika av
departementet, og dei skal ikkje vere tilsette ved institusjonen.
Departementet skal rg utpeike styreleiar og nestleiar. Mål og middel har
her eit lite harmonisk forhold til kvarandre, for å seie det forsiktig.
For å forstå samanhengen må ein ha i seg ein dialektikk av eit høgare
slag. Der er for mykje av slikt.

Dessutan er det for mykje i innstillinga som trekkjer i dei retningane eg
har peika på. Men kor langt fører det? Kor klart er det at framlegga i
praksis vil føre til «samfunnsstyring» og instrumentell omlegging av
læreprosessen? Mange fryktar, men få veit noko sikkert. Tolkingane
sprikjer. Eg trur ingen har eksegetisk tak på teksten. I så måte er
situasjonen den same her som ved Johannes si openberring. Mangt kviler i
eit mørkt mysterium.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET