trallalla

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 16-06-00


Eg har prøvt å finna ut korleis dette universitetet fungerer oppe i
toppen. Det som kjem her, er berre høgttenking, det vart vanskeleg å gjera
det noko annleis.

Noko at det fyrste eg la merke til, var at dei tilsette ikkje bør få vita
kva slags folk dei skal samarbeida med, t.d. bør dei tilsette ikkje få
vita det dersom ein samarbeidspartnar har kravt politisk apati frå dei
tilsette ved universitetet. (Rektors sensurfreistnad i 1996.)

Når dei tilsette er usamde i noko som leiinga gjer (t.d. når leiinga vil
leggja ned ein reprosentral), har ikkje dei tilsette lov til å seia dette
til leiinga (mars 1999). Dersom dei likevel prøver, skal ikkje brevet
journalførast.

Alle har lov til å vera til stades på kollegiemøta, og gjerne fortelja
folk om det etterpå. Journalistar og andre kan skriva og offentleggjera
alt som dei møtte meina fortener slikt. Men dei som ikkje er anna enn
skarve kollegiemedlemer, dei har ikkje lov til å fortelja om kva som hende
på møtet, i alle fall ikkje til andre enn til andre kollegiemedlemer som
var til stades (april 1999).

Oppsummering til no: Ein skal ikkje fortelja leiinga om usemje, og leiinga
skal ikkje fortelja andre om usemje. Truleg kan likevel ein journalist
konfrontera leiinga med saker og ting, og ein journalist kan fortelja folk
om leiinga.

Leiinga har likevel høve til å seia litt av kvart til underordna. Av og
til, altso. Til dømes dersom ein teknisk direktør vil formidla til ein
reprosentral at reprosentralen må prova at dei kan vera sjølvfinansierande
(januar 2000). Slikt treng det likevel ikkje vera noko i (mars 2000).

For då å verkeleg demonstrera kor seriøs institusjonen er, kan ein gjerne
laga brosjyrar med mange bilete av halvnaken ungdom, med drøymande
overskrifter og ørande lite substans. Fyrste gongen ein gjer noko slikt,
kan det òg gjerne presiserast i t.d. Adresseavisen at tilsette ikkje bør
vera kritiske til dette, sidan dette vil vera meir illojalt mot leiinga
enn det vil vera illojalt mot den akademiske sansen for kritisk
engasjement. For å understreka dette kan ein mumla noko om
kreativ-konstruktiv-kritisk.

Når leiinga skal vedtaka noko (t.d. noko som har med ei avis å gjera), er
det ikkje lov for dei som skal stemma, å få vita kva redaktøren meiner om
saka (mai 2000). Leiinga er nemleg ikkje publikum, men aktørar, og må gå
tenesteveg.

Og når t.d. ein informasjonsdirektør gjer noko som ikkje harmonerer med
eit slikt vedtak, so skal ikkje vedkomande fortelja kvifor, fordi
vedkomande ikkje er til stades, sjølv om vedkomande er i same rom som alle
andre. Då i motsetnad til folk som ikkje kan få vita kva redaktørar
meiner, fordi slike folk er meir enn berre publikum, og difor er til
stades, sjølv om dei snakkar i telefonen, og er på ein heilt annan stad
enn redaktøren.

Men ein informasjonsdirektør kan gjerne ha «god og regelmessig kontakt med
fagmiljøene», til dømes. Me vil tru at dette skjer utan å vera til stades.
I alle fall ikkje formelt sett, sidan ein direktør ikkje er fagleg tilsett
men administrativt tilsett.

Alt i alt meiner eg å ha funne denne regelen for saksbehandling og
tenestevegar: Pappaen min er sterkare enn pappaen din.

Jardar
som hugsar godt kor dumt og ekkelt det var når dei vaksne blanda seg inn i
leiken



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET