Re: Universitetsavisa - siste utvikling

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 14-06-00


On Wed, 14 Jun 2000, Trond Andresen wrote:

> Rektor svarte da at jeg ikke kunne stille noe spørsmål til
> informasjonsdirktøren, "for hun er ikke til stede".
[...]
> (Det er her nødvendig å skyte inn at det er helt vanlig i
> Kollegiet at de respektive direktører er tilgjengelig for spørsmål når noe
> vedrørende deres område er varslet som et eventuelt-punkt, så her fraviker
> Rektor helt vilkårlig - og for første gang i min periode - en eksisterende
> praksis i reint maktkamp-øyemed).

Eg veit ikkje om rektor er til stades på denne lista, men eg sit no her og
lurer på i kva grad han verkeleg ynskte å få folk til å lura på om han har
noko å skjula. Er dette ei anna side av den same saka som då han ville
sensurera ein reportasje i UA i 1996?

Hm, eg har kanskje ikkje lov til å skriva dette slik at Trond ser det, i
alle fall ikkje utan at det gjeng via universitetsdirektøren fyrst?

Er det eg eller Trond som no kan verta refsa fordi eg skreiv dette? Og
vert situasjonen verre dersom eg spør Trond om dette utan å gå tenesteveg?
Eller kan me seia at Trond rett nok er til stades på lista, men at han
ikkje er til stades i tilfelle nokon skriv noko til han? Og dersom det er
slik, kvifor skal det då vera so vanskeleg for Trond å få sakspapir utanom
tenesteveg, når ein likevel berre kan seia at Trond ikkje er (formalt) til
stades når han mottek papira?

Jardar
som vonar å verta refsa for å ha vore kritisk til rektor i noko som ein
kollegiemedlem les utan å ha fått det via universitetsdirektøren



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET