Re: your mail

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 22-03-99


On Mon, 22 Mar 1999, Lars Othar Svaasand wrote:

> Om lemen og universitetslærere
[...]
> Universitetslærerne har i lang tid vært utsatt for alskens
> sofistiske administrative påfunn, hvorav det siste er kravet om
> eksamensoppgaver på begge målformer.
[...]
> Jeg skal ikke elaborere om resultatet blir like toksisk som hos
> lemenenes beiteplanter; dog ville det forbause meg om resultatet bereder
> grunnen for den oppblomstring i nye undervisningsformer og
> etter/videreutdanningsskurs som NTNU nu raskt trenger.

Tenk på all den tida som gjeng bort kvar gong eg spaserer frå kontoret
mitt på Dragvoll og til auditorium VIII eller deromkring for å førelesa.
Nei, huff for eit sløseri med tid og ressursar. Tenk berre, dersom eg
bruker 3 minutt kvar veg (medrekna 15 sekund ventetid på heis og deretter
15 sekund i heisen), og har t.d. 3 dobbelførelesingar i veka, so gjeng det
bort 216 minutt på 12 veker. Det er jo tre og ein halv time, det! Det er
minst sju gonger so mykje som eg bruker på å omsetja eksamensoppgåvene til
bokmål.

Nei, med slike avstandar frå kontoret mitt til auditoria, so kan me berre
sjå langt etter nye undervisningsformer og etter-/vidareutdanningskurs.

Noko anna som tek altfor mykje tid og ressursar frå meg, er å skriva
innlegg om at eg ikkje har lyst til å gå i tre og ein halv time kvar
semester. På den tida eg skreiv dette innlegget, kunne eg sikkert ha
omsett ei halv eksamensoppgåve til bokmål. Dersom eg skriv eit innlegg
til, har eg sosa bort tid til eit heilt oppgåvesett.

Det tryggaste er vel å avskaffa heile eksamensordninga.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET