Repro og Tapir-brev

From: Ola Svein Stugu (ola.stugu_at_hf.ntnu.no)
Date: 11-02-99


To tankar melder seg straks ved gjennomlesing av brevet frå Tapir:
        For det første: Det treng ikkje nødvendigvis vere noka dårleg løysing at
Tapir igjen kjem sterkare inn i kompendieproduksjonen, slik dei hadde for
få år sidan. Også der gjeld eit nærleiksprinsipp: Eg trur det kan bli
greiare å ha med Tapir å gjere enn med Pensumtjeneste - venteleg også
billegare, dersom Tapir kalkulerer på same måte som i førre runden. Men
NTNU bør i det minste få innsynsrett i kalkylane, og ikkje stelle seg slik
at det blir umogleg å reversere kontrakten dersom det likevel blir dyrt og
tungvint å lage kompendiar gjennom Tapir.
        Likevel: Det går over min forstand at eventuelle praktiske løysingar ved
denne eine produksjonsserien skal få til følgje at også alle dei andre
tenestene ved Reprosentralane skal avviklast! Eit eksempel: Historisk
institutt har ein skriftserie der vi sist år selde publikasjonar til minst
åtte land utanom Norge. Reprosentralen står for ein viktig del av
produksjonen, og som redaksjonsmedlem veit eg at ein god del av våre
publikasjonar neppe ville ha kome ut i det heile om vi måtte ha produsert
dei etter kommersielle kriteria. No kan vi faglege omsyn styre
utgjevingane. Fleksibiliteten og serviceinnstillinga ved Reprosentralen er
også noe hovudfagsstudentane våre set pris på når dei skal ha ferdig
oppgåvene sine. Korleis er det tenkt at denne typen oppgåver skal løysast
utan Reprosentralen? Kor mye meir vil det koste institutta? Slike spørsmål
må ein ha gode svar på før ei eventuell omorganisering.

Ola Svein Stugu



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET